Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGåsland, Halvoreng
dc.date.accessioned2011-12-29T11:51:06Z
dc.date.available2011-12-29T11:51:06Z
dc.date.issued2011-11-21eng
dc.date.submitted2011-11-21eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/5329
dc.description.abstract9.1 Norsk samandrag I fleire hundre år har hovudferdselsåra mellom Bergen og Oslo gått over Filefjell, noko som har bidratt til at det historisk har vore tett kontakt mellom Lærdal i vest og Valdres i aust, som ligg på kvar si side av Filefjell. I denne masterstudien ville eg undersøkje om den historiske kontakten mellom Lærdal og Valdres synte seg igjen i personnamneforrådet. Studien vil verte gjennomført ut i frå tre folketeljingar på 1800-talet i Lærdal prestegjeld og Vang prestegjeld i Valdres, det er folketeljingane av 1801, 1865 og 1900. Det var to innfallsvinklar til denne studien eg hadde som hovudfokus. Den fyrste innfallsvinkelen var om eg kunne finne likskapar i namnematerialet i båe prestegjelda, og kva type fornamn som eventuelt var likt i både Lærdal og Vang. Den andre innfallsvinkelen gjekk ut på å studere den overordna utviklingslina av personnamna i Lærdal og Vang gjennom heile 1800-talet, og då i lys av moderniseringsaspektet. Her såg eg både på om personnamnmaterialet i Lærdal og Vang utvikla seg i ei moderne retning utover 1800-talet, og om en eventuell moderniseringsprosess førelaup seg likt i båe prestegjelda. Når det gjeld den fyrste innfallsvinkelen, var resultatet av studien at det var færre likskapar i namnematerialet mellom Lærdal og Vang enn eg hadde trudd på førehand. Dei personnamna som båe prestegjelda hadde til felles, var stort sett namn som var frekvente kringom heile landet. Det var få av dei namna som var typisk for Lærdal, som var å finne i namneforrådet i Vang, og motsett. Eg konkluderte dette med at dei typiske lokale namna ikkje var blant dei mest frekvente namna i sitt opphavlege prestegjeld, og at det dermed var vanskelegare for dei å spreie seg over Filefjell til det andre prestegjeldet. Til slutt såg eg òg på St. Tomaskyrkja på Filefjell, dedikert til helgenen St. Tomas av Canterbury, og påverknaden denne kyrkja har hatt på mannsnamnet Tomas i Lærdal og Vang. Eg konkluderte med at Tomas er mykje meir frekvent i Lærdal og Vang enn kringom resten av landet gjennom heile 1800-talet, særskilt i folketeljinga av 1801, og at Tomaskyrkja nok sannsynlegvis har påverka bruken av dette namnet her. Når det gjeld den andre innfallsvinkelen, såg eg tidleg at den overordna utviklingslina for personnamnsmaterialet i Lærdal og Vang utvikla seg i ulik retning og grad gjennom 1800-talet. Kontakten mellom aust og vest over Filefjell, har ikkje bidratt til at moderniseringa av personnamna utviklar seg i like stor grad i Lærdal og Vang. I det sistnemnte prestegjeldet kan me knapt snakke om at namnematerialet er vorten meir moderne. Det var venta at ei eventuell modernisering skulle vere meir framtredande i Lærdal. Namnematerialet i Lærdal er gjennom 1800-talet i ei endring, særskilt ved folketeljinga av 1900, noko som er ein god indikasjon på modernisering av namneforrådet. Det kjem inn mykje fleire namn i namneforrådet enn at namn forsvinn, talet på berarar av kvart namn går ned, det kjem inn nye innlånte namn frå andre språk og områder enn det som fram til no har vore vanleg, og renessansenamna frå den nordiske namnerenessansen vert til ein viss grad tatt i bruk mot slutten av 1800-talet. I Vang ser det derimot ut til at dei opphavlege namnetradisjonane og kulturarven, som til dømes oppkallingstradisjonen, framleis står sterkt ved starten på 1900-talet. Det er nokre små spor etter modernisering i namnematerialet her i folketeljinga av 1900,...en_US
dc.format.extent1530413 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titlePersonnamn, ei kjelde til å spore historisk kontakt mellom Lærdal og Valdres?eng
dc.typeMaster thesis
dc.description.degreeMaster i Nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123eng
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Linguistics: 010::Nordic languages: 018
fs.subjectcodeNOLISP350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel