BORA - UiB

Bergen Open Research Archive

Sjukepleiaren som akademisk aktør - kva er sjukepleievitskap? Eit studie om korleis sjukepleievitskap materialiserer seg ved fokus på vitskapsteoretiske aspekt ved masteroppgåver innan sjukepleievitskap ved universitetet i Bergen, med avsett i Bourdieus praxeologiske teori og omgrep. Korleis kan det system av relasjonar som framkjem og som strukturerer sjukepleievitskap på eit visst tidspunkt forståast ut frå historiske og kontekstuelle forhold?

Bergen Open Research Archive

Show simple item record

dc.contributor.author Sortvik, Wenche Margrethe
dc.date.accessioned 2012-02-15T07:23:23Z
dc.date.available 2012-02-15T07:23:23Z
dc.date.issued 2011-12-07
dc.identifier.uri http://hdl.handle.net/1956/5613
dc.description.abstract Studiet har fokus på den sosiale praksis som sjukepleiaren - med sitt praktiske utgangspunkt, utfører innan akademia, tretti år etter tilgangen til universitetet i Bergen i 1979. Med innfallsvinkel gjennom Bourdieus praxeologiske tenkjing, søkjer studiet å gå bak omgrepet sjukepleievitskap, slik det vert forstått og presentert gjennom daglegspråket, og sjå korleis dette faktisk materialiserer seg gjennom det teoretiske arbeid sjukepleiaren nedlegg innan akademia, ved dei avsluttande masteroppgåver.Ved dette arbeid oppnår sjukepleiaren forskarkompetanse og posisjon for vitskapsgjering. Studien sin motivasjon er at arbeidet kan vere ei byrjande fokusering på kva som kjenneteiknar dette nyare område sjukepleiaren agerer innan som kallast sjukepleievitskap, og korleis dette kan forståast ut frå historie og kontekstuelle forhold. Bourdieus praxeologiske tenkjing vert nytta som både det teoretiske rammeverk og den metodiske tilnærming for å freiste forstå dei strukturar som her påverkar sjukepleiarens agering. Ein systematisk gjennomgang med fokus på vitskapsteoretiske aspekt ut frå eit kategorisystem har blitt gjennomført for å fange opp og gje innblikk i kva kunnskapsgenerering som presenterast, og kva erkjenningsgrunnlag denne kviler på gjennom masterprosjekta innan sjukepleievitskap ved universitetet i Bergen i perioden 2005-2010. Spørsmål som ut frå funn genererer til diskusjon vil mellom anna vere om orienterande premissar for korleis arbeida materialiserer seg allereie er lagt i utgangspunktet. Resultata er framstilt skjematisk og viser at fleirtalet av oppgåvene er kvalitative, over 71% av samla populasjon. Tema som vert gjort til gjenstand for fokus er hovudsakleg henta frå eigen praksis og i stor grad knytt til pasientens eller sjukepleiarens opplevde erfaring ved den aktuelle problemstilling. Alle studiane omhandler empiri, og nærast halvparten av studiane har pasienten som populasjon. Metodisk er val av fenomenologisk og hermeneutisk tilgang ein framtredande tendens, der den subjektive oppleving som grunnlag for gyldig kunnskap vert vektlagd. Den andre hovudretning som ut frå funna trer fram, har eit kvantitativt design med forankring i medisinsk fagterminologi og nyttar hovudsakleg medisinsk statistikk. Teori som vert nytta for lyssetjing av empiri utgjer ei kompleks samansetjing og vert i halvparten av oppgåvene trekt inn gjennom prosessen eller etter empiri er samla inn. Delar frå svært mange ulike tradisjonar vert trekt inn, utan at det skjer ei problematisering kring ulike perspektiv og motstridande synspunkt i desse. Ein framtredande tendens er likevel å nytte filosofi, hovudsakleg representert ved Kari Martinsens omsorgsfilosofi fundert i Løgstrups nærleiksetikk, ofte i kombinasjon med helsefagslitteratur som vektlegg klinisk kompetanse i form av erfaringskunnskap. Omgrepet klinisk synast å verte tillagt ein særskilt verdi i sambandet mellom sjukepleias praksis og vitskapsgjering gjennom dei undersøkte arbeida, og studiane si nytteeffekt for praksis vektleggast. no
dc.language.iso nno en
dc.publisher The University of Bergen en
dc.rights Copyright the author. All rights reserved en
dc.title Sjukepleiaren som akademisk aktør - kva er sjukepleievitskap? Eit studie om korleis sjukepleievitskap materialiserer seg ved fokus på vitskapsteoretiske aspekt ved masteroppgåver innan sjukepleievitskap ved universitetet i Bergen, med avsett i Bourdieus praxeologiske teori og omgrep. Korleis kan det system av relasjonar som framkjem og som strukturerer sjukepleievitskap på eit visst tidspunkt forståast ut frå historiske og kontekstuelle forhold? no
dc.type Master thesis en
dc.type.degree Master i Sykepleievitenskap no
dc.type.course SYKD395
dc.subject.nsi VDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Nursing science: 808 en
dc.date.semester Haust 2011 no
dc.subject.archivecode Mastergrad no
dc.subject.nus 761901
dc.type.program MAMD-SYK


Files in this item

 

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record

Search BORA


Browse

My Account