Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTotland, Åsta Mari
dc.date.accessioned2023-06-10T00:02:30Z
dc.date.available2023-06-10T00:02:30Z
dc.date.issued2023-05-15
dc.date.submitted2023-06-09T22:00:21Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3070804
dc.description.abstractDen norske foreldrepermisjonsordninga vart i 2018 tredelt med ei lik kvote til mor og far, samt ein fellesperiode som foreldre fritt kan dele seg i mellom. I dagens situasjon kan kvinner potensielt returnere til arbeid tidlegare enn før, men i etterkant av endringa viser tal frå Arbeids- og Velferdsforvaltninga at ein av to kvinner forlenger foreldrepengeperioden sin med ubetalt permisjon. Formålet med denne studien var å auke forståinga kring korleis norske kvinner opplever overgangen frå foreldrepermisjon til fulltidsarbeid i eit samfunn kor ambisjonen om ein likestilt familiemodell står sentralt. Studien hadde ei positiv helsetilnærming og nytta eit salutogent perspektiv med fokus på oppleving av samanheng som teoretisk rammeverk. Dette for å sjå på om kvinner opplevde overgangen som handterbar, meiningsfull og begripeleg. Studien nytta eit kvalitativ forskingsdesign med ei fenomenologisk tilnærming for å forstå essensen av kvinnene si oppleving. Semistrukturerte individuelle intervju vart brukt som metode for datainnsamling og tematisk nettverksanalyse for analysering. Åtte kvinner vart rekruttert som informantar. Funna viste at kvinnene i stor grad hadde ei oppleving av samanheng med overgangen frå permisjon til arbeid som eit resultat av ulike faktorar i arbeids- og familielivet. Tilrettelegging frå arbeidsgivar, fleksibel arbeidstid, støttande kollegaer og far som overtok foreldrepermisjonen gjorde overgangen meir handterleg. Kvinnene såg på arbeidet sitt som meiningsfullt og av betydning. Dei forstod betydninga av foreldrepermisjonsordninga sjølv om dei ikkje nødvendigvis var einig i den.
dc.description.abstractIn 2018, the Norwegian parental leave arrangement was divided into three similar quotas, one for the mother, one for the father and one joint period that parents can freely divide between them. Today’s situation enables women to return to work earlier than before, but reports show that one out of two women extend their leave with unpaid leave. The purpose of this thesis was to increase the understanding of how Norwegian women experience the transition from parental leave to full-time work in a society where the ambition of an equal family model is central. The study had a positive health approach and used salutogenesis and sense of coherence as the theoretical framework. One wanted to look at whether women experienced the transition as manageable, meaningful, and comprehensible. The study used a qualitative research design with a phenomenological approach. Semi-structured individual interviews were used as a method for data collection, and thematic network analysis for analysis. Eight informants were recruited. The findings showed that the women mostly had a sense of coherence with the transition from leave to work as a result of various factors in work and family life. Facilitation and flexible working hours, supportive colleagues and a father who took over the parental leave made the transition more manageable. The women saw their work as meaningful and important. They understood the importance of the parental leave arrangement, even if they did not necessarily agree with it.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjecthelsefremjande arbeid
dc.subjectarbeids- og familieliv.
dc.subjectsalutogenese
dc.subjectoppleving av samanheng
dc.subjectforeldrepermisjon
dc.subjectarbeidande mødrer
dc.subjectRetur til arbeid
dc.titleNorske kvinner sine opplevingar av overgangen frå foreldrepermisjon til fulltidsarbeid (etter ikraftsetjinga av den tredelte foreldrepermisjonsordninga) - Ei salutogen tilnærming
dc.title.alternativeNorwegian women's experience of the transition from parental leave to full-time work (after the entry of the new parental leave arrangement) - A salutogenic approach
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-06-09T22:00:21Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i helsefremjande arbeid og helsepsykologi
dc.description.localcodeHEFR395
dc.description.localcodeMAPS-HEFR
dc.subject.nus761901
fs.subjectcodeHEFR395
fs.unitcode17-33-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel