Ei undersøking av finansterminologi i undervisning og formidling
Abstract
I denne masteroppgåva har eg undersøkt finansterminologi i undervisning og formidling. Eg har delt ut ei haldningsundersøking til økonomistudentar for å sjå kva haldningar dei har til bruken av engelsk i ei elles norsk undervisning. Eg har også gjennomført eit kasusstudium der eg samanliknar termar som er nytta i aviser, med termar nytta i lærebøker og ordlister.
Description
Revised version (spelling errors corrected)