Smykke i to urbane miljø - ei komparativ analyse av smykke frå mellomalderbyane Bergen og London
Abstract
Temaet for denne oppgåva har vore ei komparativ analyse av smykkemateriale frå Bergen og London. Grunnen til at eg har valt å samanlikne desse to byane er mellom anna fordi begge byane var internasjonale handelsbyar, som også dreiv handel med kvarandre. I høgmellomalderen blei det også i begge byar oppretta såkalla kontor av den hanseatiske ligaen. Smykka eg har undersøkt, er fingerringar, kjeder, perler, anheng, søljer og pilegrimsmerke