Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBøyum, Karin Fedjeeng
dc.date.accessioned2011-08-31T08:08:03Z
dc.date.available2011-08-31T08:08:03Z
dc.date.issued2011-05-17eng
dc.date.submitted2011-05-17eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/4904
dc.description.abstractSamandrag. Ungdom og rasisme er eit omgrepspar som det i den seinare tid er gjort ein del forsking på både innanlands og utanlands. Denne oppgåva er skrive med føremålet om å få fram kva ungdom i dag forstår med rasisme, og kva for ord og ytringar dei ser på som rasistiske. Datamaterialet til oppgåva vart samla inn ved hjelp av tre fokusgruppeintervju med deltakarar i alderen 16- 22 år, i ein av Noreg sine storbyar. Fokusgruppeintervjua vart gjennomførte hausten 2009, på ungdommane sine skular. Oppgåva er oppbygd med ein teoridel, ein metodedel og ein analysedel. Analysekapitla er baserte på tre underordna problemstillingar; - Korleis vil dagens ungdom forklare rasisme og i kva grad meinar dei at rasisme førekjem i det norske samfunnet? - Kva ord og utrykk kan bli sett på som rasistiske og kvar går grensa mellom rasisme og venskapleg namnekalling? - I kva grad meinar ungdommane at media påverkar synet på innvandrarar i det norske samfunnet? Kapittel 1 er inneleiingskapitlet, kapittel 2 er brukt til gjennomgang av relevant teori, kapittel 3 tek for seg metoden som vart brukt til innsamling av datamaterialet, kapittel 4 tek for seg den første problemstillinga, medan kapittel 5 omhandlar den andre og tredje problemstillinga før eg avlsluttar med oppsummerande tankar i kapittel 6. Kapittel 4 omhandlar ungdommane si forståing av og erfaring med rasisme. Ungdommane gjenkjenner rasisme som noko ein møter i kvardagen, sjølv om rasisme er eit omgrep som er vanskeleg å forklare. Ungdommane viser til eit skilje mellom rasisme og framandfrykt, som er knytt til handling og tankar. Raseomgrepet er ikkje lengre eit omgrep som er mykje brukt i kvardagen, skal ein tru ungdommane, men funn i to av diskusjonane legg likevel til rette for ein vidare diskusjon. Religion og kultur blir av ungdommane gjenkjend som karakteristikkar ein kan bruke som utgangspunkt for rasistiske diskursar og handlingar. Ein del av ungdommane gjev også eit innblikk i eigne erfaringar med rasisme. Kapittel 5 viser til kva funksjon ord har som "våpen" i kampen mellom "oss" og "dei andre". Kapitlet tek først for seg ei lang liste med ord som munnleg og skriftleg kom fram i gruppediskusjonane. Mange av orda kan forståast som rasisme, samstundes som dei blir brukt som venleg namnekalling. Eg går nærmare inn på kva som avgjer korleis ordet vert tolka i ulike kontekstar, og kva som skil desse kontekstane frå kvarandre. Ungdommane påpeikar og at generalisering og negative framstillingar av innvandrarar påverkar måten ein ser på innvandrarar. Media er knytt opp til generaliseringa og framstillinga av innvandrarar, og eg avsluttar kapitlet med å sjå på korleis ungdommane meinar at media sine framstillingar er med på å påverke måten ein ser innvandrarar på. Avslutningsvis i kapittel 6 viser eg til to korte samandrag knytt til hovudfunna i fokusgruppeintervjua, før eg avsluttar med nokre tankar om vidare forsking knytt til ungdom og rasisme.en_US
dc.format.extent497558 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.title"Men kva er i grunn definisjonen på rasisme ": tre fokusgruppeintervju med ungdommar frå ein norsk storbyeng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.description.degreeMaster i Sosiologi
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106eng
dc.subject.nsiVDP::Social science: 200::Sociology: 220eng
fs.subjectcodeSOS360


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel