«Hvor anderledes her, end hjemme hos ham,» - ei lesing av klasseerfaringar i Amalie Skrams Afkom (1898)
Master thesis
View/ Open
Date
2021-06-02Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [274]
Abstract
Denne avhandlinga tar for seg Afkom (1898), siste bind i Hellemyrsfolket av Amalie Skram. Avhandlinga undersøker korleis romanen går i dialog med etablerte teoriar om klasse og smak. I avhandlinga viser eg korleis Skram bruker dei fire ungdommane Severin, Fie, Henrik og Lina til å etablere eit klassesamfunn i Afkom. Avhandlinga viser også korleis Skram sitt forfattarskap i litteraturhistoria har fått merksemd på grunn av skildringane av klasse, utan at det teoretisk har sett preg på lesingane. Denne avhandlinga blir derfor eit bidrag til å få klasseaspektet i Skram sitt forfattarskap fram i lyset. Mi tolking bidrar også med å syne korleis Skram forstår klasse-omgrepet som noko meir enn noko reint økonomisk, eller som eit skilje mellom rike og fattige. Det teoretiske grunnlaget for avhandlinga baserer seg på utviklinga av klasseomgrepet, frå Karl Marx og Friedrich Engels, til Max Weber og Pierre Bourdieu. Spesielt Bourdieu si forståing av sosial, kulturell og økonomisk kapital, opnar opp for å sjå Skram si klasse-skildring på ein meir nyansert måte. I avhandlinga kjem eg fram til at Amalie Skram bevisst bruker dei fire ungdommane for å belyse klasseomstenda frå fleire sider. Eg vil hevde at Skram er bevisst på at klasse også heng saman med kjønn, og bruker ungdommane i Afkom til å vise fram at jenter og gutar innanfor same klasse lever med ulike forventingar, krav og moglegheiter.