Læreboka si rolle i evolusjonsundervisninga
Master thesis

View/ Open
Date
2021-05-31Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [294]
Abstract
Evolusjonsteorien er den store samlande ideen i biologivitskapen, og det er derfor viktig at befolkninga generelt har kunnskap om han. Skulen er den staden der det er størst potensiale for at opplysning om denne sentrale teorien kan skje, men det er også kjent at lærarar ofte har misoppfatningar om han. Derfor støttar lærarar seg ofte til lærebøker i undervisninga. Samstundes viser forsking at lærebøker inneheld unøyaktigheiter angåande konsept og omgrep relatert til evolusjonsteorien. Med bakgrunn i dette ønskte eg å undersøke læreboka si rolle i evolusjonsundervisninga, samt lærarar si evne til å vurdere ho kritisk. Eg har derfor gjennomført og analysert djupneintervju av seks biologilærarar ved fire ulike vidaregåande skular i Bergen. Funna tyder på at lærarane i stor grad held seg til læreboka når dei planlegg og gjennomfører evolusjonsundervisning, og at dei ser på læreboka som eit godt hjelpemiddel i ein travel kvardag. Lærarane opplever at læreboka skapar orden og struktur, slik at elevane veit kvar dei finn fagstoffet når dei skal arbeide med oppgåver, lese til prøver, og førebu seg til eksamen. På bakgrunn av desse funna blir det konkludert med at læreboka spelar ei sentral rolle i evolusjonsundervisninga, og at ho på mange måtar opptrer som den eigentlege læreplanen i klasserommet. Generelt likar lærarane læreboka godt, men dei har også kritiske kommentarar til ho. Spesielt er dei kritiske til at læreboka kan vere utdatert, og at ho ofte manglar samanheng mellom kapitla. Dei peikar også på at ho kan vere lite motiverande, noko som saman med ønsket om å verkeleggjere fagstoffet for elevane, er dei to viktigaste grunnane for å supplere læreboka med anna materiale. På bakgrunn av desse funna blir det konkludert med at lærarane evnar å vurdere læreboka kritisk, men det er likevel usikkert om den kritiske vurderinga skjer i praksis. Det kjende casestudiet om bjørkemålaren, med sine lyse og mørke fenotypar, var ein viktig del av intervjuet. Lærarane fekk lese ei typisk lærebok si framstilling av dømet, samt tre motargument. Samtalen viser at lærarane opplever bjørkemålaren som eit godt pedagogisk døme, som på ein god måte kan introdusere naturleg seleksjon på begynnarnivå. Generelt godtek dei dømet utan vesentleg kritikk, noko som styrkar påstanden om at kritisk vurdering av læreboka kanskje ikkje står sentralt i kvardagen. På den andre sida har fleire av lærarane kritiske kommentarar til motargumenta, noko som illustrerer at dei evnar å vere kritiske til ny informasjon som blir presentert for dei.