Kritisk lesing av sakprosatekstar i den vidaregåande skulen: Ein kvalitativ studie av fire norsklærarar sine didaktiske refleksjonar.
Master thesis
View/ Open
Date
2021-06-02Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [274]
Abstract
Student: Kristine Tråi Rettleiar: Endre Brunstad Tittel: Kritisk lesing av sakprosatekstar i den vidaregåande skulen Undertittel: Ein kvalitativ studie av fire norsklærarar sine didaktiske refleksjonar Denne studien forsøker å kaste lys over kritisk lesing av sakprosatekstar i norskfaget i den vidaregåande skulen, ved å fokusere på kva didaktiske refleksjonar norsklærarar gjer seg med tanke på tekstutval og kritisk lesing. Tematikken er aktualisert som følgje av kompleksiteten ved dagens tekstmangfald, og har med innføringa av fagfornyinga også fått eit auka fokus i skulen. Dei fleste studiane som rettar seg mot temaet tyder på at elevane sin kritiske tekstkompetanse er på eit lavt nivå. I tillegg er det studiar som indikerer at sakprosa vert behandla på ein måte som ikkje legg til rette for ei kritisk lesing av tekstane. Mitt mål for studien vart difor å få djupare innsikt i vilkåra for kritisk lesing av sakprosatekstar i norskfaget, ved å undersøkje kva refleksjonar eit utval norsklærarar legg til grunn for si undervising i tematikken. Med utgangspunkt i dette vart følgjande problemstilling formulert: Kva didaktiske refleksjonar gjer norsklærarar på Vg1 seg kring kritisk lesing av sakprosatekstar? For å svare på problemstillinga har eg gjennomført kvalitative forskingsintervju med fire norsklærarar på Vg1 studieførebuande. Intervjua vart transkribert, og det er desse transkripsjonane som utgjer mitt datamateriale. På bakgrunn av ein tematisk analyse er eit av hovudfunna at det vert arbeidd tilsynelatande mykje med sakprosatekstar på Vg1 studieførebuande, men analysen indikerer at det sjeldan vert gjort ei eksplisitt leseopplæring i tekstane. I denne samanhengen er det påfallande i kor stod grad lærarane sine personlege preferansar og erfaringar spelar inn for prioriteringa av sakprosatekstar i undervisinga. Studien indikerer også at lærarane ser viktigheita av å arbeide med kritisk lesing av sakprosatekstar, men det utgjer verken ei prioritering eller eit eksplisitt fokus i opplæringa. Lærarane si beskriving av kritisk lesing viser at dei har ulike fagsyn, noko som er avgjerande for korleis dei opplever å undervise kritisk lesing. Fellestrekk ved opplevinga deira av undervisingspraksisen er at det er enkelte utfordringar i arbeidet med kritisk lesing. Desse er 1) Utfordringar knytt til etablerte læringskulturar, 2) Utfordringar knytt til lærarrolla og 3) Utfordringar knytt til manglande målestokkar og pålitelege haldepunkt og 4) Utfordringar knytt til kompetanseforskjellar blant elevar. Student: Kristine Tråi Supervisor: Endre Brunstad Title: Critical reading of non-fiction texts in the Norwegian upper secondary school Subtitle: A qualitative study of four Norwegian teachers’ didactic reflections. The purpose of this study is to shed light on the critical reading of non-fiction texts in the Norwegian subject in upper secondary school by focusing on the didactical reflections Norwegian teachers make when it comes to choosing texts and critical reading. The themes are actualized because of today´s wide variety of texts and have gained increased focus due to the new curriculum in the Norwegian school system. Most of the studies in this field lead us to believe that student´s competence in critical reading is at a low level. Moreover, there are studies that indicate that non-fiction is treated in a way that does not facilitate the critical reading of these texts. My goal for this study was, therefore, to gain deeper insights into the conditions for critical reading of non-fiction texts in the Norwegian subject by examining what reflections a selection of Norwegian teachers use as a basis for teaching the subject. Based on this, the following issue was formulated: “What didactic reflections do Norwegian teachers at Vg1 make about the critical reading of non-fiction texts?” To answer the research question, I have conducted qualitative research interviews with four Norwegian teachers. The teachers are women teaching at the first year of general studies in the Norwegian upper secondary school (Vg1). The interviews were transcribed, and it is these transcripts that make up my data material. Based on a thematic analysis, one of the main findings is that a lot of anti-fiction texts have been worked on at this level. However, the analysis indicates that explicit teaching of how to read these texts rarely has been done. In this context, it is striking to what extent the teachers own preferences and experiences come into play in the prioritizing of non-fiction texts in their teaching. The study also indicates that teachers see the importance of working with critical reading of non-fiction texts but it does not constitute a priority or an explicit focus in teaching. The teacher´s description of critical reading shows that they have different professional views, something that is decisive for how they experience of teaching practice is that there are some challenges when teaching critical reading. These are 1) Challenges related to established learning cultures, 2) Challenges related to the role of the teacher, 3) Challenges related to lack of standards and reliable point of reference, and 4) Challenges related to the mixed ability among students.