Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTeigland, Malene Bergtun
dc.date.accessioned2021-08-19T23:58:49Z
dc.date.available2021-08-19T23:58:49Z
dc.date.issued2021-08-01
dc.date.submitted2021-08-19T22:00:24Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2770405
dc.description.abstractSjøfart har til alle tider våre ein viktig del av den norske kulturen. Til tross for dette har sjøfolks liv fått lite merksemd innan forsking, og norske sjøfolk er i dag lite synlege i samfunnsbiletet. Denne studien undersøker dekksoffiserar med lange arbeidsperiodar i tre kohortar og deira erfaringar som sjøfolk. Eg ser nærare på val av karriere og utdanning, det sosiale livet om bord, og familie- og samlivsrelasjonar heime. Studiens overordna problemstilling er: Korleis erfarer dekksoffiserar med lange arbeidsperiodar det sosiale livet om bord, og familie- og samlivsrelasjonar heime? Kva skilnadar og likskapar er det på tvers av kohortar og på tvers av kjønn? Eg har gjennomført sju intervju av sjøfolk, der to menn var fødd i løpet av 1940-1950, ein mann og ei kvinne var fødd i løpet av 1960-1970 og ein mann og to kvinner var fødd i løpet av 1980-1990. Med utgangspunkt i livsløpsperspektivet og biografisk materiale har studien gjort ein komparativ analyse av tre kohortar dekksoffiserar av begge kjønn. Studien viser at dekksoffiserars karriereval har historiske tingingar, og vala samanfall i stor grad med kva kohort offiserane høyrer til. Demografiske og geografiske særtrekk spelar inn, i tillegg til føresetnadar om nostalgiske kjensler for sjøliv. Utdanninga av sjøfolk er også tinga i kohort. Yrkesopplæringa har gått frå å vere nesten utelukkande praktisk og i stor grad uavhengig frå opplæringsinstitusjonar, til å vere både teoretisk og praktisk retta og innlemma i skulesystemet. Sjøfolk lev under spesielle sosiale forhold med formelle over- og underordningsrelasjonar. Eg undersøker endringar i det sosiale livet om bord, der dei store endringane skuldast kortare arbeidsperiodar, større fokus på effektivisering, og inntog av utanlandske sjøfolk på norske skip. Studien tar også for seg kvinner til sjøs, og dei utfordringane dei møter som følgje av asymmetriske kjønnsrelasjonar om bord. Studien undersøker korleis det er å arbeide til sjøs i lengre periodar, samtidig som ein skal vere samlivspartnar. Eg argumenterer for at sjømannsfamilien utfordrar den normative kjernefamilien, og at framtidsdiagnosen for norsk sjøfart kan sjå ut til å vere prega av stadige utskiftingar av unge sjøfolk som vil få eit kortvarig arbeidsopphald før utfordringane med familie og samliv fører dei til land.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titlePå brua - Ein livsløpsstudie av tre generasjonar dekksoffiserar
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-08-19T22:00:24Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgaven
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106
fs.subjectcodeSOS360
fs.unitcode15-11-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel