Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGjengedal, Amalie Myrmel
dc.date.accessioned2021-09-30T23:49:13Z
dc.date.available2021-09-30T23:49:13Z
dc.date.issued2021-09-01
dc.date.submitted2021-09-30T22:00:07Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2786823
dc.description.abstractDenne masteroppgåva undersøker kjønnsmarkering av yrkestitlar i norsk i perioden frå 1920 til 2013. Oppgåva teke føre seg to ulike måtar ein kan spesifisere kjønn på, gjennom kjønnsmarkerande etterledd og suffiks, og gjennom bruken av dei to adjektiva kvinnelig og mannlig. Det er hovudsakleg eit todelt fokus i oppgåva, ho ser på det grammatiske aspektet rundt kjønnsmarkering, og ho ser på korleis språket vert påverka av aktuelle hendingar i tida. For å finne ut kva for nokon kjønnsmarkerte yrkestitlar som har vore nytta i perioden, er det gjort to eksplorative søk i korpuset NBs frie tekster (Bokmål), eit med nedslagsfelt frå 1921 til 1925, og eit med nedslagsfelt frå 1961 til 1965. Søka er gjort med utgangspunkt i feminine og maskuline etterledd, i tillegg til feminine suffiks. For å kunne seie noko om bruk over tid, vert Nasjonalbiblioteket sin teneste NB N-gram nytta. Gjennom bruk av denne tenesta vert det henta ut tidsseriedata frå perioden 1920-2013 som seier noko om frekvensutviklinga til eit utval av yrkestitlar og frasar med adjektiva kvinnelig og mannlig. Data som er funne, er nytta til å produsere grafiske framstillingar over tid (trendlinjer) som viser både ein glatta og ein absolutt frekvens. Gjennom ein visuell analyse av trendlinjene, identifiserast der seks ulike utviklingstendensar. Dei seks ulike utviklingstrendane er gitt namna «Opp», «Fjell», «Ned», «Stabil», «Raritet» og «Rest». Reint tidsmessig er det nokon tidspunkt som ser ut til å gå igjen. 40- til 60-talet er ein periode der mange ord har sin høgste frekvens. I tida frå 70- til 90-talet skjer det også mykje. I desse tjue åra er det ein del ord som byrjar å auke i frekvens, men i denne perioden er det også fleire ord som omtrent går ut av bruk. Diskusjonen tek opp tre ulike moment. Han kjem inn på korleis språk og samfunn heng saman, og viser til dømes korleis enkelthendingar i samfunnet kjem til syne i språkbruken. Vidare går diskusjonen inn på kjønnsmarkering gjennom adjektiv. Er det kvinnelig eller mannlig som er mest nytta, og korleis påverkar det grammatiske kjønnet til yrkestittelen bruken av kjønnsmarkerande adjektiv? Til slutt kjem der ein diskusjon rundt kva grad yrkestitlar kan reknast for å vere kjønnsnøytrale.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectyrkestitler
dc.subjectkjønnsmarkert språk
dc.subjectspråk
dc.subjecttrendlinjer
dc.subjectNB N-gram
dc.subjectkjønn
dc.subjectkorpus
dc.titleOm politikvinner, ekspeditriser og kontormenn Ei undersøking av kjønnsmarkering i yrkestitlar i norsk i perioden frå 1920 til 2013
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-09-30T22:00:07Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMastergradsoppgåve i nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.description.localcodeMAHF-LÆNO
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNOLISP350
fs.unitcode11-21-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel