Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBryn, Liv Vethe
dc.date.accessioned2022-06-24T00:00:51Z
dc.date.available2022-06-24T00:00:51Z
dc.date.issued2022-05-20
dc.date.submitted2022-06-23T22:01:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3000412
dc.description.abstractI romanen En dåre fri (2010) av Beate Grimsrud og dramaet Dissekering av ett snöfall (2011) av Sara Stridsberg, møter me androgyne hovudkarakterar som har utfordringar med sine kroppar og kjønn. Eli og Konungaflickan vil ikkje vere kvinner, men det betyr ikkje at dei nødvendigvis vil vere menn. Dei ynskjer seg bort frå sine kjønna og kroppslege situasjonar. I avhandlinga spør eg meg korleis litteraturen kan fortelje oss noko om kjønn og kropp. Både i den offentlege debatten om kjønn, men og i den nordiske litteraturforskinga, finst det usemjer om korleis me skal forstå androgynitet. For å forstå dette temaet meiner eg me fyst bør gå til erfaringa, her gjennom litterære framstillingar. Korleis vert dette opplevd, og kva seier desse personane sjølve om sine erfaringar? Begge hovudkarakterane fornektar på ulike måtar kroppane sine, som òg er ein måte å unngå kjønnet på. Grimsrud og Stridsberg skildrar samfunn som vil plassere Eli og Konungaflickan i eit av dei to kjønna i den binære modellen. Dette kravet frå samfunnet innfrir likevel aldri karakterane, men dei erfarer begge å få eit perspektivskifte som gjev dei ein aksept for kroppen. Eli og Konungaflickan vekslar gjennomgåande mellom makt og avmakt over seg sjølve, sine kroppar og sine kjønn. Stridsberg og Grimsrud skildrar òg definisjonsmakta samfunnet har over karakterane, som vekslande. Med desse verka utforskar Grimsrud og Stridsberg temaet androgynitet gjennom karakterane Eli og Konungaflickan, og viser kompleksiteten som kjenneteiknar problemstillingar knytte til kropp og kjønn. Fordi skildringane deira er fleirtydige, meiner eg me òg må hente fleire filosofiske perspektiv. Ved å fyrst gå til erfaringa, her gjennom litteraturen, unngår me den feila som ofte skjer – at me på førehand ser eit problem gjennom ei spesifikk ideologisk eller filosofisk linse. Judith Butler og den skeive teorien er linsa litteratur om androgynitet eller transtematikk oftast vert tolka gjennom. I denne avhandlinga vil eg i tillegg til den skeive teorien, hente inn Maurice Merleau-Ponty og Simone de Beauvoirs fenomenologiske perspektiv på kropp og kjønn, og til slutt, Stanley Cavell sine daglegspråksfilosofiske perspektiv på skeptisisme til kroppen.
dc.description.abstractBeate Grimsrud’s novel En dåre fri (2010) and Sara Stridsberg’s drama Dissekering av et snöfall (2011) both depict androgynous main characters in conflict with their own bodies and genders. Eli and Konungaflickan do not want to be women, but that does not necessarily mean that they wish to be men. They want to detach themselves from their bodily and gendered situations. In this thesis I ask myself how literature can teach us something about body and gender. Both in the public debate on gender, and in the Nordic literature studies, there is a disagreement on how to understand the subject of androgyny. To understand the subject of androgyny we must begin by looking at experience, here through literary depictions. How is this expressed by the subjects who first handedly experience it? Both main characters are in denial of their bodies, which also is a way of avoiding their genders. Grimsrud and Stridsberg depict societies that want to define the characters as one of the two genders in the binary model. The characters do not end up fulfilling this demand, but Eli and Konungaflickan both experience a change of perspective, which helps them gain acceptance of their bodies. Throughout, the characters alternate between power and powerlessness over themselves, their bodies, and genders. Similarly, Grimsrud and Stridsberg depict society’s power of definition over Eli and Konungaflickan, as alternating. Grimsrud and Stridsberg explore the topic of androgyny through their main characters. In their literary works they convey the complexity which characterizes issues concerning body and gender. Because their depictions are manifold, consequently, this thesis will draw on various philosophical perspectives on body and gender. By first looking to experience, in this case through literature, we avoid a common mistake – to a priori see a problem through a specific ideological or philosophical lens. Literature concerning topics of trans or androgyny issues, is most often interpreted through the lens of Judith Butler’s queer theory. In addition to queer theory, this thesis will draw on Maurice Merleau-Ponty and Simone de Beauvoir’s phenomenological perspective on body and gender, and finally, ordinary language philosopher Stanley Cavell’s perspective on skepticism and the body.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleLitterær androgynitet: Kropp og kjønn som utfordring i Beate Grimsruds En dåre fri og Sara Stridsbergs Dissekering av ett snöfall
dc.title.alternativeLiterary androgyny: The struggle of body and gender in Beate Grimsruds En dåre fri and Sara Stridsbergs Dissekering av ett snöfall
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-06-23T22:01:02Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMastergradsoppgåve i nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeMAHF-LÆNO
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNOLISP350
fs.unitcode11-21-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel