Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNondal, Ingebjørg Eitrheim
dc.date.accessioned2022-06-25T00:13:49Z
dc.date.available2022-06-25T00:13:49Z
dc.date.issued2022-06-03
dc.date.submitted2022-06-20T22:00:34Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3000782
dc.descriptionRevised version: some spelling and formatting errors corrected.
dc.description.abstractDenne studien undersøker karakterfri undervegsvurdering i norskfaget på vidaregåande skule. Karakterfri undervegsvurdering handlar om at elevane får tilbakemelding utan karakter på arbeid dei gjer undervegs i terminen, og at dei berre får karakterar ved halvårsvurdering og standpunkt. Dei siste åra har det vore ei veksande interesse for å legge mindre vekt på karakterar i undervegsvurdering, men norske studiar seier forholdsvis lite om kva ein karakterfri vurderingspraksis inneber. Denne studien legg mest vekt på å undersøke karakterfri vurdering, men inneheld også ei kvantitativ spørjeundersøking som kartlegg nokre generelle kjenneteikn for vurderingspraksisen i norskfaget på vgs. Målet med denne studien har vore å få betre innsikt i korleis ein kan arbeide med karakterfri undervegsvurdering i norsk. Studien vektlegg å presentere konkrete døme på vurderingspraksisen informantane gjer greie for. Transkripsjonar av alle intervjua er vedlagt. Materiale for studien er kvalitative intervju og ei kvantitativ spørjeundersøking. Alle informantane i utvalet er norsklærarar. Analysen av intervjutranskripsjonane viser at informantane sin eigenrapporterte praksis i stor grad er i tråd med vurderingsforskrifta i opplæringslova. Eit sentralt funn er at elevinvolvering og eigenvurdering er ei avgjerande ramme for den karakterfrie vurderingspraksisen. Eit anna funn er vektlegginga av ulike former for prosessarbeid, der eit viktig prinsipp at elevane får tilbakemeldingar til arbeider vidare med undervegs i skriveprosessen. Eit tredje funn er at karakterfri vurdering gir meir ro til å arbeide med læringsfremjande aktivitetar. Spørjeundersøkinga viser at norskfaget har mange vurderingssituasjonar med karakter, særleg i skriftleg på Vg3. Fleire lærarar uttrykker at mangel på tid og ressursar hindrar dei i å gjere endringar i vurderingspraksisen sin. Fleire peikar på ei positiv endring etter at tal på halvårkarakterar vart redusert frå 3 til 2 på Vg1. Fleire oppgir at dei kan tenke seg å prøve karakterfri vurdering, men synest det er vanskeleg å endre etablerte vurderingskulturar. Studien konkluderer med at karakterfri undervegsvurdering handlar meir om innhald enn om merkelapp, og at det som er mest sentralt ved praksisen er at ein har eit bevisst forhold til korleis vurdering kan fremje læring.
dc.description.abstractThis study examines gradeless learning in the Norwegian subject at upper secondary school. Gradeless learning is about the students receiving feedback without a grade on work they do during the semester, and that they only receive grades for a midterm assessment and final grade. In recent years, there has been a growing interest in placing less emphasis on grades on formative assessments, but Norwegian studies say relatively little about what a gradeless learning practice entails. This study puts most emphasis on examining gradeless learning, but also contains a quantitative questionnaire that maps some general characteristics of the assessment practice in the Norwegian subject at upper secondary school. The aim of this study is to gain better insight into how one can work with gradeless learning in the Norwegian subject. The study emphasizes presenting concrete examples of the assessment practice the informants explain. Transcripts of all interviews are attached. The material in the study is qualitative interviews and a quantitative questionnaire. All the informants in the sample are teachers who teach Norwegian. My analysis of the interview transcripts shows that the informants' self-reported practice is largely in line with the assessment regulations in the Education Act. A key finding is that student involvement and self-assessment are a crucial framework when working with gradeless learning. Another finding is the emphasis on various forms of process work, where an important principle is that students receive feedback during the writing process. A third finding is that gradeless learning gives more peace of mind to work with learning-promoting activities. The survey shows that the Norwegian subject has many graded assessment situations, especially in writing during the final year of general studies. Several teachers express that lack of time and resources prevent them from making changes in their assessment practice. Several point to a positive change after the number of midterm grades was reduced from 3 to 2 in the first year of general studies. Several state that they may consider trying a gradeless learning practice, but find it difficult to change established assessment cultures. The study concludes that gradeless learning is more about content than about label, and that what is most important to the practice is one’s conscious attitude to how assessment can promote learning.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleKarakterfri undervegsvurdering i norskfaget på vgs. Kva, korleis og kvifor.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-06-20T22:00:34Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeErfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i norsk
dc.description.localcodeNORMAU650
dc.description.localcodeVID-MAUNOR
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNORMAU650
fs.unitcode11-21-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel