Biologilærarar sine kunnskapar om arbeidsminnet
Master thesis
![Thumbnail](/bora-xmlui/bitstream/handle/11250/3001954/Masteroppg-ve-i-biologididaktikk_Biologil-rarar-sine-kunnskapar-om-arbeidsminnet_Idunn--ye-Hagen.pdf.jpg?sequence=3&isAllowed=y)
View/ Open
Date
2022-06-01Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [294]
Abstract
Arbeidsminnet er ein funksjon i hjernen for å mentalt manipulere informasjon. Arbeidsminnet har avgrensa kapasitet og varigheit, noko som er sentralt i undervisningssamanheng fordi det påverkar elevar sine evner til å behandle og tilarbeide informasjon. I tillegg er det individuelle forskjellar i storleiken på arbeidsminne og kognitiv kapasitet blant elevar, noko som gjer at dei har ulike føresetnadar for å manipulere informasjon. Kunnskap om og tilrettelegging for arbeidsminnet sine avgrensingar kan dermed ha betydning for elevar si læring. Denne studien handlar om å undersøke kva biologilærarar veit om avgrensingar i kognitiv kapasitet og arbeidsminne, i tillegg til korleis dei legg til rette for desse avgrensingane. Dette er formulert i følgjande problemstilling: «Kva veit biologilærarar om arbeidsminnet, og korleis bruker dei denne kunnskapen i biologiundervisning?». Tre biologilærarar på vidaregåande skular i Bergensområdet deltok i studien. Data vart samla inn gjennom kvalitative semi-strukturerte intervju, der ein intervjuguide vart brukt. Analyse av datamaterialet vart gjort ved hjelp av transkribering, og vidare koding og kategorisering i dataprogrammet NVivo. Funna indikerer at biologilærarane er klar over at elevar har avgrensa kapasitet for tilarbeiding av informasjon, at kapasiteten varierer individuelt, og at dei må ta omsyn til dette i undervisning for å unngå å overbelaste elevar. Strategiar dei nemnde for å legge til rette for avgrensingar i kognitiv kapasitet og arbeidsminne var mellom anna å kople ny informasjon til kunnskap som er kjend for elevane, repetere, tilpasse mengde stoff som blir gjennomgått i timane, bryte opp undervisninga i bolkar og bruke meir tid på stoff som er komplisert. Resultata tyder på at lærarane har lite kunnskapar knytt direkte til omgrepa «kognitiv kapasitet» og «arbeidsminnet», men at dei likevel har relevante kunnskapar om tilrettelegging for dette i undervisning.