Sosial kapital i kristne meinigheiter: Ein kvalitativ studie av meinigheitsnettverket si innverknad på medlemmane sine samfunnsliv
Master thesis
View/ Open
Date
2022-12-01Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [82]
Abstract
I dette masterprosjektet undersøkjer eg korleis medlemmane av kristne meinigheiter opplever å få bruk for nettverk/ kontaktar innanfor det religiøse fellesskapet som ressursar til å oppnå andre gode i samfunnslivet. Ved å bruke ulike teoriar knytt til omgrepet sosial kapital, kastar eg ljos over erfaringane til informantane når det kjem til samfunnsområda; arbeid, livsstil og intime relasjonar, samt informantane sine opplevingar av å kunne bruke nettverket i utfordrande livssituasjonar. Analysen basera seg på individuelle, semi- strukturerte forskingsintervju med seks informantar frå to forskjellige kristne meinigheiter; der den eine høyrer til det evangelisk- lutherske kyrkjesamfunnet, medan den andre høyrer til dei karismatiske rørslene. Eit av hovudfunna i prosjektet er korleis lukkinga av eit nettverk verkar inn på akkumuleringa av normer i meinigheita. Nettverka i dei to meinigheitene er lukka i den forstand at dei fleste medlemmane kjenner til kvarandre, det er stort fokus på å sjå og lytte til kvart medlem, samt ei høg grad av tillit blant medlemmane. At eit nettverk er lukka vert også synleg når ein ser at normene som eksisterer faktisk fungerer. Informantane fortel om ulike normer i meinigheita som har innverknad på deira livsstilsval i samfunnslivet, til dømes norma som seier at medlemmane kan avstå frå å drikke alkohol dersom dei ønskjer å vere gode medmenneske for dei menneska som har alkoholproblem. Sjølv om slike normer kan gjere det lettare for medlemmane å følgje dei religiøse levereglane som dei ønskjer å følgje, fordi det skapar eit fellesskap kor alle samlast om denne livsstilen, kan slike normer også opplevast som avgrensande for medlemmane sine livsval i samfunnslivet. Ved å bli saman med nokon andre i meinigheita, eller finne nokon som er villige til å bli ein del av nettverket, sikrar medlemmane tilgangen på eit fellesskap fullt av sosial kapital, i form av normer og forventingar, men også informasjon og tenester- samt alle dei fordelane som kjem ved ei intergenerasjonslukking dersom framtidige barn veks opp i meinigheita. Lukkinga av eit intergenerasjonsnettverk skjer i nettverk kor både barna og foreldra er aktive, og inneber mellom anna moglegheita for ei kollektiv barneoppseding, fordi foreldra kan gå saman om kva for normer som blir skapt blant barna og kva for handlingar som blir sanksjonert.