Norske kvinner sine opplevingar av overgangen frå foreldrepermisjon til fulltidsarbeid (etter ikraftsetjinga av den tredelte foreldrepermisjonsordninga) - Ei salutogen tilnærming
Master thesis
View/ Open
Date
2023-05-15Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [165]
Abstract
Den norske foreldrepermisjonsordninga vart i 2018 tredelt med ei lik kvote til mor og far, samt ein fellesperiode som foreldre fritt kan dele seg i mellom. I dagens situasjon kan kvinner potensielt returnere til arbeid tidlegare enn før, men i etterkant av endringa viser tal frå Arbeids- og Velferdsforvaltninga at ein av to kvinner forlenger foreldrepengeperioden sin med ubetalt permisjon. Formålet med denne studien var å auke forståinga kring korleis norske kvinner opplever overgangen frå foreldrepermisjon til fulltidsarbeid i eit samfunn kor ambisjonen om ein likestilt familiemodell står sentralt. Studien hadde ei positiv helsetilnærming og nytta eit salutogent perspektiv med fokus på oppleving av samanheng som teoretisk rammeverk. Dette for å sjå på om kvinner opplevde overgangen som handterbar, meiningsfull og begripeleg. Studien nytta eit kvalitativ forskingsdesign med ei fenomenologisk tilnærming for å forstå essensen av kvinnene si oppleving. Semistrukturerte individuelle intervju vart brukt som metode for datainnsamling og tematisk nettverksanalyse for analysering. Åtte kvinner vart rekruttert som informantar. Funna viste at kvinnene i stor grad hadde ei oppleving av samanheng med overgangen frå permisjon til arbeid som eit resultat av ulike faktorar i arbeids- og familielivet. Tilrettelegging frå arbeidsgivar, fleksibel arbeidstid, støttande kollegaer og far som overtok foreldrepermisjonen gjorde overgangen meir handterleg. Kvinnene såg på arbeidet sitt som meiningsfullt og av betydning. Dei forstod betydninga av foreldrepermisjonsordninga sjølv om dei ikkje nødvendigvis var einig i den. In 2018, the Norwegian parental leave arrangement was divided into three similar quotas, one for the mother, one for the father and one joint period that parents can freely divide between them. Today’s situation enables women to return to work earlier than before, but reports show that one out of two women extend their leave with unpaid leave. The purpose of this thesis was to increase the understanding of how Norwegian women experience the transition from parental leave to full-time work in a society where the ambition of an equal family model is central. The study had a positive health approach and used salutogenesis and sense of coherence as the theoretical framework. One wanted to look at whether women experienced the transition as manageable, meaningful, and comprehensible. The study used a qualitative research design with a phenomenological approach. Semi-structured individual interviews were used as a method for data collection, and thematic network analysis for analysis. Eight informants were recruited. The findings showed that the women mostly had a sense of coherence with the transition from leave to work as a result of various factors in work and family life. Facilitation and flexible working hours, supportive colleagues and a father who took over the parental leave made the transition more manageable. The women saw their work as meaningful and important. They understood the importance of the parental leave arrangement, even if they did not necessarily agree with it.