Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLawford, Harry Lewis
dc.date.accessioned2023-06-13T06:32:42Z
dc.date.available2023-06-13T06:32:42Z
dc.date.issued2023-05-22
dc.date.submitted2023-06-12T22:02:09Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3071021
dc.description.abstractI 2021 annullerte Høgsterett konsesjonane til to vindparkar på Fosenhalvøya i Trøndelag. Vindparkane blei vurdert som eit brot på dei lokale samiske reindriftssamane sin rett til “å dyrke sin eigen kultur”, som er beskytta i artikkel 27 av Internasjonale konvensjon om sivile og politiske rettar. Rettssaka var ein del av ein langvarig konflikt der reindriftssamar, naturvernarar og lokalsamfunn opponerte mot vindkraftutbyggingar i Fosen-regionen. I denne oppgåva utforskar eg konfliktane rundt vindkraft på Fosen, med sikte på å identifisere og analysere dei ulike diskursane i saken. Gjennom intervju med sentrale aktørar og omfattande analysar av saksdokument, identifiserer oppgåva tre hovuddiskursar i Fosen-saken. Den dominante Vind-vind-diskursen presenterer vindkraft som ei løysing på energi- og klimakrisa, og legg vekt på potensialet for økonomisk vekst og utvikling av næringsliv. Naturverndiskursen framstiller derimot vindkraft som ei årsak til naturøydelegging og tar til orde for redusert energiforbruk som eit berekraftig alternativ. Ein tredje diskurs omhandlar samiske rettar og framstiller vindkraftprosjekta på Fosen som ei form for landran og legg vekt på tilsidesetting av samiske rettar og reindriftskunnskap i konsesjonsprosessane. Desse alternative diskursane peiker på behovet for å diskutere vindkraftutbygging som meir enn eit teknisk og økonomisk problem. Basert på funna i denne oppgåva argumenterer eg for at vindkraftmotstandarane på Fosenhalvøya bidrar til nødvendig og verdifull kunnskap om potensielle sosiale og økologiske konsekvensar av ei storstilt energiomstilling.
dc.language.isoeng
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleWind of Change: Discourse Collisions and Coalitions in the Fosen Vind Case
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-06-12T22:02:09Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgave
dc.description.localcodeSDG350
dc.description.localcodeMAHF-SDG
dc.subject.nus719999
fs.subjectcodeSDG350
fs.unitcode11-75-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel