Turnusordningar i helsevesenet - Erfaringar med kort kviletid mellom vakter hjå helsepersonell i todelt turnus: Ein fokusgruppeintervjustudie
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3071233Utgivelsesdato
2023-05-15Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [141]
Sammendrag
SAMANDRAG Bakgrunn: Helsepersonell i todelt turnus må ofte belage seg på å arbeide vaktkombinasjonen sein-tidleg, som gir kortare enn 11 timar kviletid mellom to vakter, «quick return». Quick return er relatert til fleire ulike helseproblem grunna uregelmessige skift og høge jobbkrav, som kortare søvnlengde, søvnigheit, fatigue, auka sjukefråvær og arbeidsrelaterte ulukker. Tidlegare forsking på området fokuserer i størst grad på negative konsekvensar av quick return. Føremål: Å få fram nyansert kunnskap om kva erfaringar helsepersonell har med å gå turnus med quick return. Problemstilling: 1) Kva erfaringar har helsepersonell med meir enn 5 år i spesialisthelsetenesta med todelt turnus og quick return? 2) Kvifor vel helsepersonell å bli verande i arbeid i spesialisthelsetenesta med todelt turnus og quick return? 3) Kva fordelar og ulemper opplev dei med å gå quick return vakter? Metode: Studien har eit kvalitativt forskingsdesign, der to fokusgruppeintervju er gjennomført. Det vart rekruttert åtte deltakarar frå to ulike sjukehus i spesialisthelsetenesta på vestlandet. Som analysemetode er det nytta systematisk tekstkondensering, som er ein tverrgåande tematisk analyse. Funn: Resultatkategoriane som kom fram av analysen er: 1) Quick return som mogelegheit og positiv utfordring, 2) Quick return som ulempe, og 3) Ei samansett utfordring organisatorisk. Heilt sentralt var funnet om at helsepersonellet såg på quick return som ein ynskja variasjon. Meir enn ein quick return i veka var opplevd som for belastande for helsa. Konklusjon: Helsepersonellet har individuelle erfaringar og behov ved turnusarbeid og quick return, og det bør forsøkast å tilpasse arbeidsplanar til kvar enkelt arbeidstakar. Nøkkelord: Quick return, turnus, helsepersonell sine erfaringar, fokusgruppeintervju. ABSTRACT Background: Healthcare personnel working rotating shifts is often imposed working «quick return», referred to transitions between two shifts that gives less than 11 hours available rest time. Quick return is related to multiple health problems due to irregular shifts and heavy job demands. Previous research in the field mostly highlights the negative consequences of quick return. Aim: To bring knowledge about the experience healthcare personnel have with working shift with quick return. Research questions: 1) What experiences do healthcare personnel with more than 5 years’ experience in specialist healthcare have with working shifts with quick return? 2) Why do healthcare personnel choose to continue their work despite in working shifts and quick returns? 3) What advantages and disadvantages do they experience working quick return? Method: The study has a qualitative research design, with two focus group interviews conducted. In total the study recruited eight participants from two different hospitals from the specialist healthcare in Western Norway. Systematic text condensation was used as an analysis method. The result categories from analysis of interview material are: 1) Quick return as an opportunity and positive challenge, 2) Quick return as disadvantage, and 3) A complex organizational challenge. A key finding was that the participants viewed quick return as a desired variation, and that more than one quick return per week was a burden to their health. Conclusion: The participants had individual needs due to shift work and quick return, and efforts should be made to adapt work schedules to each employee's needs. Keywords: Quick return, shift work, healthcare personnel experiences, focus group interview.