Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorEngvold, Gunn Iren Hovda
dc.date.accessioned2023-10-06T23:39:24Z
dc.date.available2023-10-06T23:39:24Z
dc.date.issued2023-08-08
dc.date.submitted2023-10-06T22:00:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3095064
dc.description.abstractBakgrunn: Aukande tal eldre som vil ha behov for helsetenester stiller helsetenesta framføre store utfordringar når det kjem til å rekruttere og behalde arbeidskraft (Riksrevisjonen, 2019). Dette vert skildra som ei av dei største samfunnsutfordringane i vår tid (Rambøll og Menon, 2022). Hensikt: Hensikta med forskingsprosjektet er å undersøkje korleis leiarar opplever og handterer eventuell redusert tilgang på sjukepleiarpersonell med fylgjande problemstilling: Korleis oppfattar og handterer leiarar i sjukehus eventuelle rekrutteringsutfordringar knytt til mangel på sjukepleiarar? Analyse: Systematisk tekstkondensering er nytta som analyseverktøy, jamfør Malterud (2017) si framstilling. Dette inneber trinnvis tilnærming til materialet på vegen mot kategoriane «Mykje snakk, lite handling», «Krysspress», «Oppgåvedeling » og «Leiarrolla i møte med retorikk». Metode: Det er nytta kvalitativ metode, i form av djubdeintervju av ni informantar på ulike nivå i fleire helseføretak. Intervjua vart gjennomført på Teams, det vart gjort lydopptak og deretter vart intervjua transkiberte. Resultat: Det synast å vere eit spenningsforhold mellom dei ulike styringsnivåa i helseføretak og politisk nivå. Motstridande krav og forventningar er ein stor del av leiarkvardagen, mange opplever dette som eit krysspress. Informantane fremjar oppgåvedeling som eit av dei viktigaste løysingsapekta knytt til handtering av sjukepleiarmangelen. Oppfatning av konservative haldningar i sjukepleiargruppa vert framheva som ei barriere. Retorikk frå politikarar, fagforeiningar og media vert oppfatta som eit viktig element i omdømmet til helsetenesta Konklusjon: Leiarane opplever i ulik grad at mangel på sjukepleiarressursar er ei utfordring i dag. Det synast å vere eit spenningsforhold i linja mellom nasjonalt politisk nivå og operativt nivå i helseføretaka. Avgjersler som står i samsvar med kapasiteten helsetenesta har vert særleg framheva som utfordrande. Profesjonsidentitet og makt gjer seg gjeldande i leiarane sin kvardag knytt til oppgåvedeling, som vert framheva som eit viktig løysingsaspekt. Retorikk og bruk av kriseomgrep vert ofte oppfatta som utfordrande for rekruttering. Fleire av leiarane uttrykkjer bekymring for framtidig rekruttering av sjukepleiarar.
dc.description.abstractBackground: The increasing number of elderly people who will need health services presents the health services with major challenges when it comes to recruiting and retaining labour (Riksrevisjonen, 2019). This is described as one of the biggest societal challenges of our time (Rambøll and Menon, 2022). Purpose: The purpose of the research project is to examine how managers experience and handle any reduced access to nursing personnel with the following problem: How do managers in hospitals perceive and handle possible recruitment challenges linked to a shortage of nurses? Analysis: Systematic text condensation is used as an analysis tool, compare Malterud's (2017) presentation. This means a step-by-step approach to the material on the way to the categories "Lots of talk, little action", "Cross-pressure", "Task sharing" and "The leaders role in the face of rhetoric". Method: A qualitative method is used, in the form of in-depth interviews with nine informants at different levels in several health enterprises. The interview was conducted on Teams, an audio recording was made and then the interview was transcribed. Result: There seems to be a tension between the different levels of management in health enterprises and the political level. Conflicting demands and expectations are a large part of a manager's daily life, many experience this as cross pressure. The informants promote the division of tasks as one of the most important solution aspects linked to handling the nursing shortage. Perception of conservative attitudes in the nursing group is highlighted as a barrier. Rhetoric from politicians, trade unions and the media is perceived as an important element in the reputation of the health service. Conclusion: The managers feel to varying degrees that a lack of nursing resources is a challenge today. There seems to be a tension between the national political level and the operational level of the health enterprise. Decisions that are in line with the capacity of the health service have been particularly highlighted as challenging. Professional identity and power become important in the leaders' everyday life linked to task sharing, which is highlighted as an important solution aspect. Rhetoric and the use of crisis management are often perceived as challenging for recruitment. Several of the managers express concern about the future recruitment of nurses.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectleiing
dc.subjectsjukepleiarmangel
dc.subjectsjukehus
dc.subjectRekruttering
dc.titleKorleis oppfattar og handterer leiarar i sjukehus eventuelle rekrutteringsutfordringar knytt til mangel på sjukepleiarar?
dc.title.alternativeHow do managers in hospitals perceive and handle possible recruitment challenges linked to a shortage of nurses?
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2023-10-06T22:00:02Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i helseleiing, kvalitetsforbetring og helseøkonomi (EVU)
dc.description.localcodeHELVID650
dc.description.localcodeMATF-HEVID
dc.subject.nus761901
fs.subjectcodeHELVID650
fs.unitcode13-26-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel