dc.contributor.author | Grinde, Arnborg Karin | |
dc.date.accessioned | 2023-10-17T23:49:53Z | |
dc.date.available | 2023-10-17T23:49:53Z | |
dc.date.issued | 2023-09-01 | |
dc.date.submitted | 2023-10-17T22:00:03Z | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3097134 | |
dc.description.abstract | Seksualundervisning har ikkje vore rekna som like kontroversielt i Norge som i mange andre vestlege land. Derimot har det fleire gonger vore utrykt kritikk og usemje mot den norske seksualundervisninga av kristne foreldre og samfunn. Dette fortel oss at visse kristne grupper er i opposisjon til korleis dei oppfattar seksualundervisninga i norske skular blir utført. Denne masteroppgåva vil svare på følgande problemstilling: «Kva oppfatningar har representantar frå Den norske kyrkja, Den romersk-katolske kyrkje og Metodistkyrkja i Bergen til den offentlege seksualundervisninga i norsk skule, og kva er bakgrunnen til desse?» Denne problemstillinga er svart gjennom kvalitative, semi-strukturerte intervju av fire representantar frå Den norske kyrkja, tre representantar frå Den katolske kyrkja, og tre representantar frå Den metodistiske kyrkja i Bergen. Desse intervjua har vorte analysert gjennom ein tematisk innhaldsanalyse og drøfta i lys av sosial identitetsteori, feministisk teori, skeiv teori og relevant bakgrunnsmateriale. Alle informantane er samde om at seksualundervisning er viktig, og at barn treng å bli undervist i emne knytt til kjønn og seksualitet. Informantane frå Den norske kyrkja verkar til å ha større tillit enn dei andre kyrkjene til evnene til lærarar og skular til å gjennomføre ei objektiv og passande seksualundervisning. Dei ulike kyrkjene har ulik bakgrunn og tilknyting til det norske samfunnet. Difor vil sosial identitet og grupperelasjonar i kyrkjene ikkje vera identiske. Dette gjeld også innstillingane deira til heteronormative strukturar i samfunnet. Dette prosjektet vil bidra til ei betre forståing av kva kristne oppfattar dei protesterer mot når dei kritiserer seksualundervisninga. Ved å undersøke ulike kristne samfunn i same by fortel også dette prosjektet noko om det kristne mangfaldet i Norge. Grunna størrelsen på prosjektet er det ikkje mogleg å generalisere kristne oppfatningar av offentleg seksualundervisning i Norge. Men ein kan få innsikt i kva oppfatningar som eksisterer i ulike grupper og bidra til framtidig forsking. | |
dc.language.iso | nno | |
dc.publisher | The University of Bergen | |
dc.rights | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.subject | Sosial identitetsteori | |
dc.subject | Religionsvitskap | |
dc.subject | Den norske kyrkja | |
dc.subject | Feministisk teori | |
dc.subject | Seksualundervisning | |
dc.subject | Kristendom | |
dc.subject | Skeiv teori | |
dc.subject | Den katolske kyrkja | |
dc.subject | Metodistkyrkja | |
dc.title | Kristne grupper si oppfatning av den norske seksualundervisninga | |
dc.title.alternative | Christian Groups’ Perception of Sexual Education in Norway | |
dc.type | Master thesis | |
dc.date.updated | 2023-10-17T22:00:03Z | |
dc.rights.holder | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.description.degree | Religionsvitskap mastergradsoppgåve | |
dc.description.localcode | RELV350 | |
dc.description.localcode | MAHF-RELV | |
dc.description.localcode | MAHF-LÆHR | |
dc.subject.nus | 714218 | |
fs.subjectcode | RELV350 | |
fs.unitcode | 11-22-0 | |