Hjelp, redd meg frå uveret! : Ein diskursanalyse av farevarsla på Yr
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3135637Utgivelsesdato
2024-05-15Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [280]
Sammendrag
Student: Kjersti OlsnesRettleiar: Helga MannsåkerBirettleiar: Anders Doksæter SivleTittel: Hjelp, redd meg frå uveret!Underoverskrift: Ein diskursanalyse av farevarsla på Yr
Denne studien undersøker farevarsla på tenesta Yr som eigen sjanger. Farevarsla er ein sjanger som vert brukt når det er venta eller det pågår farleg ver eller andre naturfarar. Det er Meteorologisk institutt og NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) som sender ut varsla. Målet med oppgåva er å svare på problemstillinga Kva kjenneteiknar sjangeren farevarsel på Yr, og korleis kan farevarsla eventuelt forbetrast med tanke på forståelegheit? Problemstillinga er todelt, der den eine er deskriptiv, medan den andre delen av problemstillinga er meir normativ. For å svare på problemstillinga har eg samla inn 14 farevarsel frå tenesta Yr. Seks av varsla er frå NVE, medan åtte er frå Meteorologisk institutt. For å analysere varsla har eg gjennomført ein diskursanalyse som undersøker sjangeren tekstinternt og teksteksternt.
Gjennom analysen av farevarsla og tekstar som omhandlar varsla fann eg at det kommunikative målet var å bidra med informasjon, anbefalingar og presentere konsekvensar for å sikre liv og verdiar. For å gjere dette vart det brukt direktive og konstative språkhandlingar. For å nå det kommunikative målet går varsla gjennom sju steg. Ut ifrå analysen skal sjangeren også nå ut til mange, både beredskapsaktørar, og samfunnet meir generelt. Det kjem også fram gjennom dei mangfaldige råda, og informasjonen som vert presentert. I sjangeren fann eg også bruk av setningsfragment og fagtermar. Funna har blitt diskutert opp mot klarspråksråda for å svare på den andre delen av problemstillinga. Det er vanskeleg å kome med nokre konkrete råd, men analysen og diskusjonen antydar at nokre endringar i sjangeren kan bidra til å lette forståinga og gjere sjangeren meir tilgjengeleg. Blant anna kan endring i sjangerskjemaet kanskje gjere sjangeren meir forståeleg. I tillegg er det mykje bruk av fagtermar, noko som kan gjere varsla vanskelegare tilgjengeleg for dei som ikkje har den nødvendige bakgrunnskunnskapen. Student: Kjersti OlsnesSupervisor: Helga MannsåkerCo-supervisor: Anders Doksæter SivleTitle: Help, rescue me from the severe weather!Subtitle: A discourse analysis of weather warnings
This study examines weather warnings as a distinct genre on the Yr service. Weather warnings are a genre used when dangerous weather or other natural hazards are expected or ongoing. It is the Meteorological Institute and NVE (Norwegian Water Resources and Energy Directorate) that issue these warnings in Norway. The aim of the study is to answer the question: What characterizes the genre of weather warnings on Yr, and how can the warnings be improved in terms of comprehensibility? The thesis question is twofold, with one part being descriptive and the other part more normative. To answer the question, I collected 14 weather warnings from Yr. Six of the warnings are from NVE, while eight are from the Meteorological Institute. To analyze the warnings, I conducted a discourse analysis examining the genre internally and externally.
Through the analysis of the warnings and texts concerning them, I found that the communicative goal was to provide information, recommendations, and present consequences to ensure the safety of lives and property. To achieve this, directive and constative speech acts were used. To reach the communicative goal, the warnings go through seven steps. Based on the analysis, the genre is also intended to reach many, including emergency responders and society more broadly. This is evident through the diverse advice and information presented. In the genre, I also found the use of sentence fragments and technical terms. The findings have been discussed in relation to the principles of plain language to address the second part of the thesis question. It is difficult to provide specific recommendations, but the analysis and discussion suggest that some changes in the genre could facilitate understanding and make the genre more accessible. For example, changes in the genre format may make it more comprehensible. In addition, there is a lot of use of technical terms, which can make the warnings less accessible to those without the necessary background knowledge.