Skrivediskursar i norskfaget i den vidaregåande skulen etter LK20: Ein analyse av skrivediskursar i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) samanlikna med eksamensoppgåver og norsklæreverk.
Master thesis

View/ Open
Date
2024-05-15Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [286]
Abstract
Tittel: Skrivediskursar i norskfaget i den vidaregåande skulen etter LK20 - Ein analyse av skrivediskursar i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20) samanlikna med eksamensoppgåver og norsklæreverk.
Forfattar: Ann Kristin Hus Skibenes
Problemstilling: Kva diskursar om skriving og skriveopplæring er rådande i norskopplæringa i den vidaregåande skulen etter innføringa av Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20)?
Det til ei kvar til gjeldande læreplanverket bygger på ulike perspektiv på skriving og skriveopplæring, og eksamensoppgåver og lærebøker formidlar ei fortolking av desse perspektiva, som igjen kan påverke korleis den einskilde norsklærar oppfattar at ein skal arbeide med skriving i norskfaget. Føremålet med denne oppgåva er difor å avdekke kva diskursar om skriving og skriveopplæring som kjem til uttrykk i slike mektige tekstar i norskundervisinga, og i kva grad det er samsvar mellom diskursane i dei ulike delane av materialet, då eventuelle mishøve kan få konsekvensar for norsklærarar si fortolking av den formelle læreplanen og utøving av skriveundervisinga i klasseromma sine.
Materialet som er gjenstand for analyse er for det fyrste Om faget og Kompetansemål og vurdering for vg3 påbygging til generell studiekompetanse i Norsklæreplanen (NOR01-06) i LK20, der eg har analysert og samanlikna dei ulike delane. Vidare har eg analysert eksamensoppgåvene for vg3 vår og haust 2023 og læreboka Intertekst påbygging (Garthus mfl., 2022), og samanlikna skrivediskursane i desse med funna frå læreplanen.
Analyseverktøyet eg har nytta i den diskursanalytiske tilnærminga til materialet er Roz Ivanič (2004; Sturk, 2022) sitt rammeverk for analyse av diskursar om skriving og skriveopplæring. Forståinga av dei ulike delane av materialet bygger på John I. Goodlad (1979) sitt læreplanteoretiske omgrepsapparat, og analysar og drøftingar er gjort med utgangspunkt i ulike teoriar om språk og skriving og relevant forsking på skriveopplæring i skulen.
Analysane viser at læreplanen formidlar ei samansett forståing av skriving og skriveopplæring der alle dei sju diskursane i rammeverket kjem til uttrykk, men at stort sett berre enkelte aspekt ved sosial praksis-diskursen og den sosiopolitiske diskursen er til stades. Vidare finn eg at kreativitetsdiskursen i mindre grad kjem til uttrykk i kompetansemål og vurdering enn i det overordna Om faget, og at denne diskursen i stor grad er knytt til skriving i essaysjangeren. Samanlikninga viser vidare at prosessdiskursen er fråverande i eksamensoppgåvene og i beskrivinga av standpunktvurdering, men elles kjem tydeleg til uttrykk i resten av materialet, og analysane av sjangerdiskursen viser at enkelte sjangrar har ein privilegert posisjon i norskfaget. Konklusjonen er at norsklærarar må ha ei eklektisk tilnærming til skriveopplæring, og samstundes vere medviten om mishøva mellom dei ulike delane av materialet og utvise fagleg skjønn for å tilpasse skriveopplæringa etter det elevane treng, innanfor rammene av både kompetansemåla og dei overordna beskrivingane av faget.