Show simple item record

dc.contributor.authorJohnsen, Elise
dc.date.accessioned2024-07-01T23:53:21Z
dc.date.available2024-07-01T23:53:21Z
dc.date.issued2024-05-15
dc.date.submitted2024-05-15T11:02:04Z
dc.identifierNORMAU655 0 O ORD 2024 VÅR
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3137234
dc.description.abstractMasteroppgåva er skriven av Elise Johnsen. Namn på oppgåve: «Å ja, om det er undervegsvurdering, då synest eg det er ganske bra og viktig» - Elevane si meining om kva tilbakemeldingspraksis som fører til auka skrivekompetanse. Temaet for denne masteroppgåva er elevane sitt perspektiv på tilbakemeldingar på skriftlege tekstar. Problemstillinga for oppgåva er: «Kva meiner elevar på studieførebuande utdanningsprogram på vidaregåande skule skal til for at tilbakemeldingar på skriftlege tekstar skal utvikle skrivekompetansen deira?» Vidare har oppgåva desse forskingsspørsmåla: 1. Kva type og form kan ei tilbakemelding ha, og kven av desse vil elevane ha? 2. Kva grunnar gir elevane for at ei tilbakemelding på ein skriftleg tekst fungerer og ikkje? 3. Kva andre faktorar kan spele inn på om ei tilbakemelding på ein skriftleg tekst fungerer etter formålet og ikkje? Det er brukt ein kvalitativ metode, der fem elevinformantar som går studieførebuande utdanningsprogram er intervjua om temaet. Intervjuet er todelt, der den første delen tek for seg ulike aspekt ved det å få ei tilbakemelding, medan i den andre delen møter elevane ein vurdert elevtekst. Av teori vil eg trekkje fram Agnete Bueie (2016) sin artikkel «Nyttige og mindre nyttige lærerkommentarer – slik elevene ser det», som inspirasjon til både form og innhald i denne masteroppgåva. I tillegg vil eg òg nemne Kvithyld og Aasen (2011) sin artikkel «Fem teser for funksjonell respons på elevtekster», som er brukt i både teori- og drøftingsdelen. Resultat frå studien viser at elevane ønsker ein tilgjengeleg lærar i timane for å få tilbakemeldingar kjapt, men dei er ikkje samstemte om dei meiner skriftlege eller munnlege tilbakemeldingar er det beste for å auke skrivekompetansen sin. Alle meiner at tilbakemeldingar må kome undervegs i skriveprosessen om det skal vere til nokon hjelp. Når det kjem til verdien av vurderingskriterier, ser nokon stor nytte i dei, medan andre ser på oppgåveteksten som mykje viktigare. Når det kjem til medelevvurdering, er dei alle med unntak av ein informant skeptisk til å ville prøve det ut. Resultat frå den vurderte elevteksten viser at elevane meiner at dei treng tilbakemeldingar på både lokale og globale nivå i teksten. Vidare er dei opptatt av at ei tilbakemelding må vere kort og spesifikk. Dei meiner at formalfeil er viktig å få ei korrigering på. Her ønsker dei at læraren gir fasiten på korleis eit ord skal skrivast rett. Det å få spørsmål som tilbakemeldingstype i ein tekst, er ikkje den måten tilbakemelding dei er mest positiv til. Dette fordi eit spørsmål kan vere vanskeleg å svare på, i tillegg kan læraren verke frekk. Om dei skal få ros i teksten, må denne vere spesifikk. Dei vil gjerne ha råd, og eit råd kan kombinerast med ein annan type tilbakemelding. Dei er generelt interesserte i å få tilbakemeldingar, men dei ønsker ikkje så mange tilbakemeldingar på innhald, slik at teksten ikkje kjennest ut som deira tekst lenger. Avslutningsvis kan ein konkludere med at funna gir mange gode råd, samtidig er det som lærar viktig å vere den profesjonelle, og ta læringsfremjande val for elevane. Dette føreset at læraren kjenner elevane godt, slik at han kan tilpasse til både nivå og læringsstil.
dc.description.abstractThis master thesis is written by Elise Johnsen. The title is “Oh well, if it is a continuous assessment, then I believe it’s positive and important” – Students’ opinions on which practice of feedback leads to increased writing skills. The topic of this master’s thesis is students’ perspective on feedback on written texts. The problem at hand is “What do students attending general studies in upper secondary school believe is needed for them to develop writing skills based on feedback they receive on written texts?” Further on, the thesis will also research these questions: 1. Which type and form should feedback consist of, and which of these do the students prefer? 2. What reasons do the students give regarding if feedback on written texts works for them or not? 3. What other factors come into play regarding if feedback on written texts works according to its purpose or not? This thesis uses a qualitative method, interviewing five students attending general studies in upper secondary about this topic. The interview is binate; the first part looks at different aspects of receiving feedback, while in the second part the students are handed a student text which has been assessed. Regarding relevant theory, I want to highlight Agnete Bueie (2016) and her article “Useful and less useful teachers feedback – the way students see it” as an inspiration to both form and content in this masters’ thesis. In addition, I also want to mention Kvithyld and Aasen (2011) and their article “Five theses for functional response on student texts” which is used in both the theory and discussion sections. The study’s results show that students want a teacher who is available in class so that they can receive feedback quickly, but they are not in agreement concerning if written or oral feedback works best to increase their writing skills. However, they all agree that feedback must be an integrated part in their process of writing if it is to be of any help. As for the value of assessment criteria, some students find them to be of good use, while others look upon the assignment text itself as more important. When it comes to peer assessment, all but one student informant is sceptical about wanting to try it out. Results from the assessed student text show that the students think they need feedback on both a local and a global level in the text. Further on, the students are concerned with the feedback being short and specific. They believe that formal errors they make are important to be rectified. Here they prefer their teacher to give them the solution on how to write the words correctly. The students report that they are not happy about receiving feedback in form of questions on their written texts, as these types of questions are hard to answer, as well as the teacher can come across as being rude. If the students are to receive praise, it needs to be specific. They appreciate advice, and this guidance can be combined with other forms of feedback. Generally, the students are interested in receiving feedback, but they do not wish to receive too much feedback on content as they feel the text is no longer their work. In conclusion, we see that these findings provide good advice, but at the same time it is important that the teacher is the professional who makes learning-promoting choices on behalf of the students. This comes with the presumption that the teacher knows their students well, so that they can adjust to both the level and the learning style of the students they are teaching.  
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectskrivekompetanse
dc.subjecttilbakemelding
dc.subjectformativ vurdering
dc.title"Å ja, om det er ei undervegsvurdering, då synest eg det er ganske bra og viktig" - Elevane si meining om kva tilbakemeldingspraksis som fører til auka skrivekompetanse.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2024-05-15T11:02:04Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeErfaringsbasert masteroppgave i undervisning med fordypning i norsk
dc.description.localcodeNORMAU655
dc.subject.nus711123
fs.subjectcodeNORMAU655
fs.unitcode11-21-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record