Utilstrekkeleg omsorg: Ei tilknytingsteoretisk forståing av konsekvensar ved emosjonell omsorgssvikt
Master thesis
View/ Open
Date
2024-05-15Metadata
Show full item recordCollections
- Faculty of Psychology [535]
Abstract
Emosjonell omsorgssvikt rammar i underkant av ein av fem barn. Denne forma for skadeleg omsorg viser seg å ha store konsekvensar for individet og deira utvikling. Emosjonell omsorgssvikt ser ut til å påverke både den kognitive, sosiale og emosjonelle utviklinga til barnet, samt auke risikoen for fleire former for psykopatologi. I denne teoretiske oppgåva vert slike konsekvensar gjort greie for og drøfta i lys av tilknytingsteori. Målet med drøftinga er å undersøke potensielle mekanismar som kan tenkast å ligge til grunn for dei negative utfalla. Drøftinga tek føre seg manglar og påkjenningar desse barna opplever i omsorga allereie frå spedbarnsalder og korleis desse kan påverke dei frå barndom og inn i vaksen alder. Basert på dette vert det føreslått kva ein bør vera særleg merksam på når ein arbeider med og skal hjelpe barn som opplever emosjonell omsorgssvikt. Emotional neglect affects almost one in five children. This form of harmful care is shown to have major consequences for the individual and their development. Emotional neglect appears to affect both the cognitive, social and emotional development of the child, as well as increase the risk of several forms of psychopathology. In this theoretical dissertation these consequences are accounted for and discussed from an attachment perspective. The aim of this discussion is to explore the potential mechanisms that might lead to these negative outcomes. The discussion involves deficiencies and burdens related to the care that these children experience from birth, and how these affects them from childhood into adulthood. Based on this discussion the dissertation proposes some aspects to pay particular attention to when working with children experiencing emotional neglect.
Description
Postponed access: the file will be accessible after 2025-05-15