Geofysiske undersøkingar på Giskegjerdet
Research report
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3145925Utgivelsesdato
2021Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I veke 39 2020 vart det gjennomført ei geofysisk undersøking på garden Giskegjerdet på øya Giske i Giske kommune. Målet med undersøkinga var å kartlegge førekomst av ikkje synlege kulturminne i grunnen her, særleg med tanke på å kartlegge kulturminne som kunne vere utsett for skade på grunn av fare forerosjon i kanten mot stranda. Ved undersøkinga vart det påvist i alt 50 såkalla anomaliar. Det er sannsynleg at dei fleste av desse representerer arkeologiske strukturar som røyser, groper, grøft osb. Eit fåtal representerer moderne installasjonar som avløpsrøyr og liknande. Prosjektet var finansiert med sikringsmidlar frå Riksantikvaren over Post 70. Universitetsmuseet ved prosjektleiar Trond Eilev Linge var ansvarleg for prosjektet. Arne Anderson Stamnes frå NTNU var leigd inn som ekstern deltakar for å gjere sjølve undersøkinga og tolke data frå denne. Han har utarbeida ein sjølvstendig fagrapport som ligg som vedlegg til denne rapporten.