Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAmundsen, Trudeeng
dc.date.accessioned2015-06-18T06:55:55Z
dc.date.available2015-06-18T06:55:55Z
dc.date.issued2015-05-15
dc.date.submitted2015-05-15eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/10010
dc.description.abstractFormålet med oppgåva er å undersøke korleis læreplanen i norsk på yrkesfaglege utdanningsprogram står i forhold til ei yrkesretting av faget. I 2010 vart det i forskrift til opplæringslova §1-3 lagt til at opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma. Vidare vart det under hovudområda i læreplanen i norsk også presisert at opplæringa skal gjerast mest mogleg relevant for elevane ved å verte tilpassa dei ulike utdanningsprogramma. Ei yrkesretting av fellesfaga har som mål å betre samanhengen i utdanninga og bidra til auka motivasjon og gjennomføring hos elevane. Opplæringa i fellesfaga skal verte opplevd som relevant for skulekvardagen deira og vere yrkesretta mot eit framtidig arbeidsliv. Problemstillinga eg har arbeidd ut i frå er: Norsk på yrkesfag - korleis står "opplæringa i fellesfaga skal vere tilpassa dei ulike utdanningsprogramma" i forhold til læreplanen i faget? Oppgåva har to forskingsspørsmål: Korleis fell læreplanen i norsk saman med ei tilpassing av faget til utdanningsprogrammet, og korleis forstår og oppfattar lærarar læreplanen i norsk i lys av at opplæringa i faget skal vere tilpassa utdanningsprogrammet? Det sentrale teoretiske grunnlaget byggjer på John I. Goodlad (1979) sin læreplanteori, og eg utfører ein komparativ analyse av to av læreplannivåa i teorien, den formelle og den oppfatta læreplanen. Den formelle læreplanen er læreplanen i norsk som styringsdokument. Gjennom kvalitative forskingsintervju av fire norsklærarar som underviser på yrkesfag, har eg fått ei forståing av den oppfatta læreplanen i lys av ei tilpassing til utdanningsprogrammet. Norman Fairclough (1992, 1995, 2008) sin kritiske diskursanalyse som teori og metode, utgjer rammeverket for analysen. Både tekstanalysen av den formelle læreplanen og analysen av den oppfatta læreplanen realisert gjennom intervjua eg har gjort, peikar i retning av at det er eit tydeleg samsvar mellom læreplanen i norsk og ei tilpassing av faget til utdanningsprogrammet. Ved å etablere diskurstypane norsk på yrkesfag, læreplan og tilpassing til utdanningsprogrammet vert analysen presentert gjennom diskursanalysedimensjonane tekstskildring, teksttolking og tekstforklaring. Analysane indikerer at læreplanen fell saman med ei yrkesretting av faget. Tekst- og prosessanalysane syner at den formelle læreplanen skil seg noko frå den oppfatta, spesielt ved å gjere krav på større grad av autoritet gjennom den smale formuleringa i måloppnåinga gjennom bruk av modalverbet skal. Den oppfatta læreplanen kjem fram som omfattande, spesielt i forhold til timetalet i faget, og svake lese- og skriveferdigheiter hos elevane. Med god støtte i læreboka, vert han likevel opplevd som ein læreplan som fungerer ut i frå målet om ei tilpassing til utdanningsprogrammet, og fleire av kompetansemåla i alle dei tre hovudområda legg godt til rette for yrkesretting, noko også den sosiale analysen bekreftar.en_US
dc.format.extent2195971 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.rightsCopyright the author. All rights reservedeng
dc.subjectYrkesfag
dc.subjectUndervisning
dc.titleNorsk på yrkesfag. Å ri to hestareng
dc.typeMaster thesis
dc.description.degreeMaster i Nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123eng
fs.subjectcodeNOLISP350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel