Årdalsdialekten - ein koiné? Ei sosiolingvistisk gransking av talemålet i Årdal 65 år etter industriutbygginga
Abstract
Ei sosiolingvistisk gransking av talemålet i Årdal 65 år etter industriutbygginga. Oppgåva er skriven i samband med forskingsprosjektet Språkutvikling på Industristader ved UiB. Granskinga har i hovudsak ei kvantitativ tilnærming, der eg kartlegg distribusjonen av 9 språklege variablar korrelert med tre sosiale kategoriar: generasjon, kjønn og lokalgeografisk tilhøyrsle. I tillegg til å kartlegge synkron variasjon, samanliknar eg også mine funn med ei tidlegare gransking som Andreas Bjørkum gjorde på 60-talet, for slik å få innsikt i endringar som har skjedd. Eit sentralt spørsmål i avhandlinga er i kva grad ein kan karakterisere årdalsdialekten som ein koiné.
Description
Revised version with corrections of spelling errors.