Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorFurset, Karoline
dc.date.accessioned2016-06-06T08:33:01Z
dc.date.available2016-06-06T08:33:01Z
dc.date.issued2016-05-15
dc.date.submitted2016-05-15eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/12064
dc.description.abstractSamandrag: Masteroppgåve i nordisk litteratur Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Universitetet i Bergen Mai 2016 Student: Karoline Furset Rettleiar: Eirik Vassenden Tittel: Det performative verket Undertittel: Om litterære dialogar og samhandling med lesaren i Helle Helle sin roman Hvis det er I denne masteroppgåva ser eg nærare på Helle Helle sin nyaste roman Hvis det er. Romanen handlar om Roar og ei kvinne som spring seg vill i skogen. Dei to kjenner kvarandre ikkje frå før av, men endar opp med å halde saman i nesten to døgn før dei finn vegen ut igjen. I løpet av den første natta blir vi kjent med kvinna si historie fortalt i tredje person. Førstepersonsforteljaren Roar held derimot fram med å vere ein ukjent for oss gjennom heile romanen. Romanpersonane sine dialogar står fram som lite velfungerande, og handlinga i romanen blir av mange lesarar karakterisert som «mangelfull». I oppgåva nyttar eg meg av omgrep og tankesett som stammar frå John L. Austin sin talehandlingsteori. Formålet er å undersøke korleis romanpersonane samhandlar i dei språklege møta sine, og sjå om vi, gjennom ei undersøking av denne måten å kommunisere på, kan finne ein ny måte å nærme oss teksten på. I analysen av dei litterære dialogane nyttar eg omgrep som er henta direkte frå den lingvistiske arven etter Austin sin teori. For å sjå på romanen som heilskap innanfor eit talehandlingsperspektiv vender eg meg derimot mot den dekonstruktivistiske omforminga av Austin sin tanke om performative ytringar. Eg meiner at spenninga i romanen snarare ligg i dei narratologiske strukturane, enn på handlingsplanet. Ettersom forteljehandlinga er så pass usikker, vil dette seie at ein kan finne spenninga i alt ein ikkje veit eller kan finne svar på i romanen. Gjennom romanpersonane sin høgst menneskelege kommunikasjon, ser ein kor ineffektiv han kan vere og likevel fungere. For å halde samtalen i gang ute i skogen godtek dei kvarandre og unnlèt å stille for mange spørsmål. Romanen syner fram både det å fortelje forteljingar og ei samhandling med andre; gjennom dette blir ein presentert for ein lesemåte som handlar om å ikkje krevje svar frå teksten, men heller sjå verdien i alt det som ikkje står der.en_US
dc.format.extent853882 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectSamhandling
dc.subjectLeser
dc.subjectDialog
dc.subjectRomanperson
dc.titleDet performative verket: Om litterære dialogar og samhandling med lesaren i Helle Helle sin roman Hvis det ereng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng
dc.description.degreeMaster i Nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123eng
fs.subjectcodeNOLISP350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel