Intervensjonar for å auke sjølvmedkjensle: Potensial for å betre psykisk helse blant studentar
Master thesis
View/ Open
Date
2017-06-13Metadata
Show full item recordCollections
- Faculty of Psychology [535]
Abstract
A recent large survey showed that an increasing number of Norwegian university and college students report symptoms of psychological distress, indicating the need for effective interventions. Self-compassion interventions may be one possible way to deal with the problem at hand. As defined by Neff, self-compassion entails: 1) being kind and understanding toward oneself, 2) perceiving one’s own suffering as a part of being human, and 3) being mindful of painful feelings and thoughts. The aim of this master’s thesis was to review the effects of self-compassion interventions on the well-being and mental health of university students. We undertook systematic searches of electronic databases to identify studies of the effectiveness of self-compassion interventions for University students. Nineteen studies were identified (seven experiments, nine Randomized Controlled Trials (RCT) and three pre-post studies). Self-compassion interventions seemed useful for university-level students, in particular for reducing shame and negative affect as well as improving self-efficacy. We conclude that self-compassion interventions seem to be associated with reduced psychological distress and improved well-being among students. More stringent research is needed, as there was a large heterogeneity in outcome measures, length and type of intervention used in the studies. Ein nyleg stor rapport på trivnaden til norske studentar synte ei auking i psykiske plager blant studentar. Studietida inneheld ei rekkje påkjenningar, som gjer studentar særleg sårbare for psykiske plager. Ein treng difor effektive tiltak for studentar. Eit av tiltaka som har vist lovande effekt er intervensjonar for å auke sjølvmedkjensle. Som definert av Neff, omfattar sjølvmedkjensle: 1) å vere venleg og forståande mot seg sjølv, 2) å sjå si eiga liding som ein del av det å vere menneskje og 3) å vere open og merksam overfor eiga liding. Målet med denne hovudoppgåva var å gå gjennom effekten av sjølvmedkjensleintervensjonar på psykisk helse og subjektivt velvære for studentar. Me gjorde eit systematisk søk i fleire databasar og handsøkte ei rekkje relevante artiklar. Nitten studiar fylte våre kriterium (sju eksperiment, ni randomiserte kontrollerte studiar (RCT) og tre pre-post studiar). Sjølvmedkjensleintervensjonar verkar å vere nyttige for studentar, spesielt i å redusere skamkjensle og negativ affekt, samt auke meistringstru. Me konkluderer med at sjølvmedkjensleintervensjonar er assosiert med ein reduksjon i psykiske plager og ei betring i subjektivt velvære blant studentar. Det er likevel naudsynt med fleire gode studiar, ettersom det var eit stort mangfald i utfallsmål, kor lange og kva type intervensjonar som vart nytta i studiane.