Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorGrøthe, Laila Marieen_US
dc.date.accessioned2019-06-22T00:32:05Z
dc.date.available2019-06-22T00:32:05Z
dc.date.issued2019-06-22
dc.date.submitted2019-06-21T22:00:26Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/20377
dc.description.abstractSammendrag Bakgrunn: Etter innføring av einskapleg leiing i spesialisthelsetenesten har det vore store endringar innanfor leiarorganiseringa ved sjukehusa. Det var lite sentrale føringer for korleis sjukehusa skulle føreta organiseringa internt bortsett frå prinsippet om at kvar avdeling skulle ha ein leiar med totalansvar. Studien min omhandlar eit sjukehus der klinikkane har valt ulike modellar for leiarorganisering på ulike klinikkar. Hensikt: Studien har som mål å sjå på korleis sjukepleiefaglege leiarar opplever handlingsrom og påverknad på sjukepleiefaglege områder ved å samanlikna to klinikkar med ulik leiarorganisering. Materiale: Utvalet er sjukepleiefaglege leiarar på ulike leiarnivå i spesialisthelsetenesten. Ein av informantane har ei rådgivande stilling i stab til klinikksjef. Det er gjennomført djubdeintervju med åtte informantar. Dei som har leiarstilling er leiarar på nivå tre og fire på to klinikkar ved same sjukehus. Alle har utdanning som sjukepleiar. Informantane har ulik erfaring som leiar. Dei fleste har leiarutdanning og nokre har vidareutdanning innanfor fagfeltet dei arbeider i. Metode: Prosjektet er basert på bruk av kvalitative metodar med delvis strukturerte intervju. Eg har valt ei fenomenologisk tilnærming Resultat: Sjukepleiefaglege leiarar har ansvar for personale, fag og økonomi som gjeld sjukepleietenesten på avdelinga. På grunn av ulik leiarorganisering på dei to klinikkane har informantane noko ulik oppfatning av kva som påverkar handlingsrommet på det sjukepleiefaglege område. Alle opplever at tillit og god relasjon til næraste leiar er avgjerande for å kunne oppleve autonomi i rollen. Nokre peikar på at den organisatoriske løysinga i form av leiarmodell med sjukepleiefagleg leiar for sjukepleietenesten er avgjerande for å ha tilfredsstillande fokus på fag- og kvalitetsutvikling innanfor sjukepleietenesten. Faktorar som trange økonomiske rammer og aukande krav til dokumentasjon og registrering av aktivitet oppleves som ein meir begrensande faktor på handlingsrom enn leiarorganisering. Konklusjon: Dei sjukepleiefaglege leiarane opplever alle å ha tilfredsstillande påverknad og handlingsrom på det sjukepleiefaglege område på avdelinga dei er tilsett. Dei opplever at faktorar i form av tillit, god relasjon til næraste leiar og leiarorganisering bidreg til dette. På klinikken der lege har totalansvar for avdelinga, omtalar dei organiseringa som ei form for todelt leiarmodell ved at dei samarbeider om leiing av avdelinga. Nokre etterlyser manglande representasjon av sjukepleieleiar på strategisk nivå på sjukehuset.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.subjectfaglig ledelse
dc.subjectorganisasjonsmodellar
dc.subjectEinskapleg leiing
dc.subjectbeslutningsmyndigheit
dc.subjectleiarmodellar
dc.subjecthandlingsrom
dc.subjectbeslutningsmyndighet
dc.subjectsjukepleiefagleg leiing
dc.subjectEnhetlig ledelse
dc.subjectsykepleie ledelse
dc.subjectorganisasjonsmodeller
dc.subjectledermodeller
dc.subjectfagleg leiing
dc.subjectansvar
dc.titleEinskapleg leiing- konsekvensar for sjukepleiefagleg leiing? Ein studie av to klinikkar ved eit sjukehus med ulik leiarorganisering.en_US
dc.title.alternativeUnitary management- consequences for nursing management? A study of two clinics at a hospital with different management models.
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2019-06-21T22:00:26Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.localcodeHELVID650
dc.description.localcodeMATF-HEVID
dc.subject.nus761901
fs.subjectcodeHELVID650
fs.unitcode13-26-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel