• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Social Anthropology
  • Master theses
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Social Anthropology
  • Master theses
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Frivilligturisme og bullshit jobs: om arbeid, kapital og søppel

Sørenes, Synne
Master thesis
Thumbnail
View/Open
master thesis (1.531Mb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/22725
Date
2020-06-19
Metadata
Show full item record
Collections
  • Master theses [13]
Abstract
Denne masteroppgåva tek for seg frivilligturisme i ein costaricansk surfeby, og kva det kan fortelje oss om idear knytt til verdifullt arbeid, kapital og søppel. Gjennom deltakande observasjon ved to ulike organisasjonar i Santa Teresa, Costa Rica, har eg fått innsyn i korleis frivilligturistar oppfattar eige og andre sitt arbeid, kva som motiverer til å arbeide frivillig, og kvifor ein vel å gjere det i eit land som Costa Rica. Gjennom David Graeber sine refleksjonar kring ”bullshit jobs”, frå boka med same namn, argumenterer eg for at nokre frivillige sluttar eller seier opp meiningslause jobbar for å arbeide frivillig, i søken etter eigen påverknadskraft. Trongen til å påverke held fram i det frivillige arbeidet, men utan evne til å konseptualisere produktet, og difor også verdien, av eige arbeid, vart fleire av dei frivillige demotivert. For dei utan lengre arbeidserfaring vart den sosiale og kulturelle kapitalen ein kan akkumulere under frivillig arbeid den viktigaste motivasjonsfaktoren. Dei frivillige sin økonomiske situasjon gjer dei moglegheit til å betale for eit opphald og organisert frivillig arbeid i Santa Teresa, som seinare kan gi dei forsprang under søknadsprosessar knytt til universitetsopptak og jobb. Eg argumenterer for at frivilligturisme bidreg i atterskapinga av tilhøyra i dei frivillige sine sosioøkonomiske klassar, i tillegg til å auke sjansen for sosial og økonomisk mobilitet. Gjennom Claude Lévi-Strauss og Lisa Malkki argumenterer eg for at dei frivillige ynskjer å reise til Costa Rica for å hjelpe dyr, fordi dei er ”good to think” som uskuldige offer, av miljøproblematikk eller anna menneskeskapte problem. Oppgåva tek også for seg søppel, som eit globalt og lokalt miljøproblem, kva som gjer at søppel i naturen er ”matter out of place”, og kvifor dei frivillige ikkje fann det givande nok å plukke søppel frå vegkanten, når alt dei ynskja var å redde dyr frå menneskeleg harme.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the Author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit