• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Biological Sciences
  • Department of Biological Sciences
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Biological Sciences
  • Department of Biological Sciences
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Effekt av ferskvassbehandling på gjeller hjå laks (Salmo salar L.) med amøbegjellesjukdom (AGD): gjellepatologi, prevalens og tettleik av Paramoeba perurans

Wiik, Søgni
Master thesis
View/Open
master thesis (Locked)
URI
https://hdl.handle.net/1956/22929
Date
2020-06-23
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Biological Sciences [1307]
Abstract
Eit av dei største problema ein opplever i sjøfasen hjå oppdrettslaks er dårleg gjellehelse. Det har eit komplekst årsakstilhøve og er ofte assosiert med eit breitt spekter av patogen. Eit av patogena som kan infisere gjellene hjå laks er amøben Paramoeba perurans som forårsakar amøbegjellesjukdom (AGD). Sidan 2012 har denne sjukdomen ført til vesentlege tap i norsk lakseoppdrett. For å halde kontroll på sjukdomsutbrot er ein ofte nøydd å behandle fisken, og ein av dei vanlegaste metodane for behandling av AGD er ferskvassbehandling. Likevel kan slike behandlingar medføre stress for fisken, og under til dømes ferskvassbehandling, der ein får ei rask endring i vassmiljø, kan det tenkjast at det vil føre til endringar i til dømes mikrobiotaen på gjellene. Ein har lite kunnskap rundt dynamikken mellom produksjonsstress, mikrobiota og gjellehelse. Denne masteroppgåva er ein del av eit større FHF-prosjekt (nr. 901514) der hovudmålet er å undersøke korleis produksjonsstress (m.a. behandling av AGD eller mot lakselus, og spyling av nøter) påverkar gjellehelsa til laks. Eit delmål i dette prosjektet var å kartlegge effekten av behandling mot AGD ved bruk av ferskvatn i eit eksperimentelt oppsett med berre P. perurans til stade. Difor gjennomførte ein eit smitteforsøk på ILAB med Atlantisk laks i kontrollert miljø. Fisken vart smitta med eit klonalt isolat av Paramoeba perurans, opphaveleg isolert i oktober 2013 frå oppdrettslaks med AGD i Hordaland, Vest-Norge. Ferskvassbehandling vart gjennomført 16 dagar etter smitte, med ein varigheit på 3 timar. Effekt av ferskvassbehandling vart gjennom denne studien målt ved gjellescore, kvantifisering av amøbemengde i gjellevev målt ved real-time RT-PCR og histologi av gjeller. Ein nytta òg tal på frie flater (gjelleflater utan gjellescore) som eit mål på effekt av behandling. Denne studien bekreftar resultat frå tidlegare litteratur om ferskvassbehandling av AGD, då ein såg at behandlinga hadde ein reduserande effekt på gjellescore, og på prevalens og RNA-nivå av P. perurans. Behandlinga førte òg til at ein i snitt fekk fleire frie flater per fisk i behandla grupper samanlikna med ubehandla grupper. Histologiske funn var foreinleg med tidlegare beskriven AGD-patologi, men ein kunne ikkje sjå ein klar effekt av behandling på histologiske snitt. Dette er det første studiet som har undersøkt fordeling av P. perurans RNA-nivå mellom dei åtte gjellebogane hjå Atlantisk laks gjennom eksperimentelt smittforsøk med utvikling av AGD. Ein såg at det ikkje var betydelege skilnadar mellom gjellebogane ved høg prevalens, og difor er alle gjellebogane like eigna for uttak av vevsprøver til PCR-analysar. Ved låg prevalens såg ein at RNA-nivået av P. perurans varierte mellom gjellebogane, og difor anbefalast det å ta ut prøver frå fleire gjeller, eller frå mange fisk, for å få eit best mogleg bilde av korleis effekt av behandling har vore.
Description
Postponed access: the file will be accessible after 2021-06-16
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the Author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit