Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHersvik, Synnøve Bostad
dc.contributor.authorLeivdal, Siri Nikoline
dc.date.accessioned2020-06-27T04:27:46Z
dc.date.available2020-06-27T04:27:46Z
dc.date.issued2020-06-27
dc.date.submitted2020-06-26T22:00:40Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/23072
dc.description.abstractVala ein student tek i læringsprosessen er avgjerande for læringsutbyttet. Desse vala inkluderer læringsstrategiar og korleis dei vert brukte i læringsprosessen. I denne kvalitative studien vart det gjennom fokusgruppeintervju undersøkt kva læringsstrategiar eit utval biologistudentar ved Universitetet i Bergen nytta, og om utsegnene deira om ulike læringsstrategiar samsvarte med forsking. Det vart òg undersøkt om ein kunne sjå ei utvikling i bruken av læringsstrategiar frå vidaregåande skule til universitetet, og om forskingsdeltakarane hadde fått tips om læring i skulen og i høgare utdanning. Funna viste at forskingsdeltakarane hadde erfaringar med mange ulike læringsstrategiar, deriblant tankekart, markering og samandrag. Utsegnene om dei ulike læringsstrategiane stemte i stor grad overeins med forsking. Vi fekk inntrykk av at biologistudentane hadde ei utvikling i bruken av læringsstrategiar frå vidaregåande skule til universitetet, og at dei i mange tilfelle hadde funne læringsstrategiar på eiga hand. Fleirtalet hevda at dei ikkje hadde fått tips om læringsstrategiar på vidaregåande skule og det same såg ut til å gjelde for universitetet. Fleire av forskingsdeltakarane sa dei skulle ynskje at dei hadde fått meir tips om læringsstrategiar. Vi har kopla funna våre opp mot djupnelæring sidan den nye læreplanen som vert innført i grunnskulen og i den vidaregåande skulen har eit fokus på dette. Funna våre viste at biologistudentane var klare over korleis læringsstrategiar kan bli brukte for å fremje forståing og bevaring av kunnskap. Dette er viktige element i djupnelæring, og kan tyde på at forskingsdeltakarane i denne studien er klare over nokre måtar å arbeide på for å oppnå djup forståing. Vi kan derimot ikkje vite med tryggleik om dei faktisk arbeider på slike måtar i læringsprosessen. Det er viktig å poengtere at vår studie har blitt utført på studentar, og ikkje elevar i grunnskulen eller i den vidaregåande skulen. Funna våre kan dermed ikkje overførast direkte til elevar, og seie noko om deira kjennskap til læringsstrategiar og bruken av desse for å støtte djupnelæring.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergenen_US
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleEin kvalitativ intervjustudie av biologistudentar sin bruk av læringsstrategiaren_US
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2020-06-26T22:00:40Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgåve i biologien_US
dc.description.localcodeBIO399K
dc.description.localcodeMAMN-BIO
dc.subject.nus751999
fs.subjectcodeBIO399K
fs.unitcode12-60-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel