Genustilordning i nynorsk: Ei datamaskinell etterprøving
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/2823Utgivelsesdato
2004Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Genus i norsk har vorte sett på som meir eller mindre arbitrært. Trosterud (2001) går ut frå at norsk har systematisk genustilordning, og presenterer eit regelsett beståande av semantiske, morfologiske og fonologiske genustilordningsreglar i nynorsk. For å kvantitativt etterprøve og optimalisere dette regelsettet, har datamaskinelle læringsmetodar vorte nytta. Eit datasett med 13384 nynorske substantiv har vorte konstruert, og til substantiva er det hovudsakleg manuelt lagt til 13 attributt som er naudsynte med omsyn til Trosterud sitt forslag til regelsett. Ein minnebasert maskinlæringsalgoritme er nytta, i tillegg til to regelbaserte algoritmar. Reglane genererte av dei regelbaserte metodane vart samanlikna med reglane til Trosterud, med det føremål å verifisere hypotesen hans om eit systematisk genustilordningssystem med maskulin som defaultgenus.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
Copyright the author. All rights reservedThe author