Trivsel i dei Seine Barneåra: Ei empirisk Undersøking av Stabilitet i Livstilfredsheitsrapportar, og Prediksjon av Livs- og Skuletilfredsheit frå Separate Kjelder til Sosial Støtte Kontrollert for Sosioøkonomisk Status.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/2852Utgivelsesdato
2007-11-25Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Faculty of Psychology [535]
Sammendrag
The overall purpose of the present study was to increase the knowledge about satisfaction in late childhood. The data analysis was based on a three-year survey study including 1153 children, 10 – 12 years old. The data collections were conducted from November 2004 to November 2006. Three research questions were examined. Research Question 1 examined the absolute and relative stability in life satisfaction reports. It was found that boys and girls were about equally satisfied with their lives when 10 – 12 years old, they experienced moderate to highly stable judgments of life satisfaction during the examined two years period, and the level of life satisfaction were generally high. Research Question 2 examined self reported social support (from parents and teacher) as predictors of 1) life satisfaction, and 2) school satisfaction. Social support was a good predictor for satisfaction. Parental support was the strongest predictor for life satisfaction, whereas teacher support was the strongest predictor of school satisfaction, even after controlling for SES. The results indicate that separating between different sources of social support made a valuable contribution. Generally, Research Question 3 showed that SES was weakly related to satisfaction. Subjective SES was a better predictor than FAS. This result is consistent with the idea that SES consists of several components. Det overordna føremålet med studien var å auke kunnskapen om tilfredsheit i dei seine barneåra. Datagrunnlaget var ei tre års longitudinell surveyundersøking som inkluderte 1153 barn i alderen 10 - 12 år. Datainnsamlingane vart gjennomført i tidsrommet november 2004 til november 2006. Tre forskingsspørsmål vart undersøkt. Forskingsspørsmål 1 undersøkte absolutt og relativ stabilitet i livstilfredsheitsrapportar. Det vart funne at gutar og jenter var omlag like tilfreds med livet når dei var 10 - 12 år, dei opplevde moderat til høg grad av stabilitet i livstilfredsheit over den undersøkte to års perioden, og nivået av denne var generelt høgt. Forskingsspørsmål 2 undersøkte sjølvrapportert sosial støtte (frå foreldre og lærar) som prediktor for 1) livstilfredsheit, og 2) skuletilfredsheit. Totalt sett var sosial støtte ein god prediktor for tilfredsheit. Foreldrestøtte var den viktigaste prediktoren for livstilfredsheit, og lærarstøtte den viktigaste prediktoren for skuletilfredsheit, og etter kontroll av SØS. Resultata tyder på at å skilje mellom separate kjelder som formidlar støtte var verdifullt. Forskingsspørsmål 3 viste at SØS var generelt lite relatert til tilfredsheit. Subjektiv SØS var ein betre prediktor enn FAS. Resultatet er konsistent med ideen om at SØS består av fleire komponentar.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
Copyright the author. All rights reservedThe author