Eit språk som ikkje passar. Epideiktiske element i Holbergs reflekterande prosa
Abstract
Dette er ein studie i Holberg-essayet, nærmare bestemt bøkene Moralske Tanker (1744) og Epistler (1748-54). Søkelyset blir retta mot språk og form. Utgangspunktet er spørsmålet om kva slags tekstar dette er, på kva måte dei gir meining. Problemstillinga er forankra i moderne litteraturteori (Roland Barthes, Gérard Genette) og tradisjonell retorikk. Den inneheld også drøfting av tidlegare Holberg-forsking, særleg F. J. Billeskov Jansen. Det er ein sentral påstand at Holbergs essay er tekstar som rettar søkelyset mot seg sjølv. Til underbygging av dette blir figur-begrepet trekt inn og utprøvd på forskjellige måtar. Dei tre siste kapitla viser korleis tre så ulike tekstlege fenomen som brev-forma, paradokset og enkel stil fungerer som tankefigurar, dvs. som grep for simulering og tilgjersle.
Publisher
The University of BergenCopyright
All rights reservedEiliv Vinje