Feministiske epifaniar. Lesingar av 1970-talsnoveller skrivne av Ebba Haslund, Margaret Johansen og Bjørg Vik
Abstract
I dette arbeidet har eg analysert fem noveller skrivne på 1970- talet, som alle tematiserer kvinner og arbeid og opnar for refleksjonar rundt dette. Eg har vald å rette fokus i første omgang mot det estetiske ved novellene, då 1970- talslitteraturen tidlegare har vore lest og forstått ut i frå eit politisk perspektiv. Slik vonar eg å opne for eit nytt syn på denne litteraturen. Samtidig har eg ønska å stimulere interessa for forfattarane i utvalet mitt, då dei har fått varierande grad av merksemd i litteraturvitskapleg og litteraturhistorisk samanheng. Det er også bruk for å framheve novellesjangeren generelt. Eg gjer greie for sentrale trekk ved novellesjangeren, med vekt på kva som er særskild for novella. Med støtte i mellom andre E. B. Harrington og V. Shaw argumenterer eg for korleis novella med sine sjangertrekk kan romme uttrykk som undergrev den rådande diskursen. Slik sett tilbyr novella ein gunstig posisjon for til dømes kvinnelege (feministiske) forfattarar. Epifanien er eit slikt sjangertypisk trekk, som tilfører nye perspektiv og opnar for større forståing av novella sin tematikk. Men novella rommar også andre uttrykk, og med den fortetta stilen skapast ny meining i møtet med lesaren. I analysekapitla går eg først inn i novellene Liv" og Emilie" av Vik, der eg legg vekt på det litterære uttrykket. Dette gir andre svar enn kva tidlegare analyser har fått, då dei har fokusert på det politiske i desse novellene. Mellom anna viser Liv" korleis kvinner går i sirklar som dei er fanga i, og Emilie" korleis det manglar språk for å uttrykke den kvinnelege røynda. I analysen av Haslund si novelle Trojanske hester" viser eg korleis allegorien skapar utvida meining og uro om kategoriar som kjønn og arbeid utan at novella kjem med noko konkret svar på problema. Slik vert ei avgrensing av novella sitt meiningsskapande potensiale unngått. Til sist analyserer eg Firmafesten" og Damene" av Johansen. Her står satiren i fokus, og eg har nytta teori av A. Pollard for eit generelt oversyn over satiren. Eg støttar meg på G. Kaufman når eg til dømes viser korleis hovudpersonen i Firmafesten" nyttar det feministiske potensialet i vittigheita for å utfordre den meir kjønnskonserverande vitsesjangeren. I Damene" vert også kjønnskategoriane reforhandla, og det vert stilt spørsmål ved arbeidsdelinga mellom kjønna. Mine analyser viser korleis 1970-talets kvinnelitteratur" er meir enn politiske bodskap, og korleis novellesjangeren tilbyr ei form som ikkje berre seier noko til lesaren, men som utfordrar lesaren si forståing av andre og av seg sjølv. This thesis is an analysis of five short stories written in the 1970's, all opening up for reflections around the aspects of women and labour. In contrast to previous interpretations, predominantly based on a political perspective, I have chosen to focus more on the aesthetic elements of the short stories to hopefully enable a new approach to this literature. Moreover, my intention has also been to stimulate a new interest in this selected group of writers, as they in many ways have recieved a meager, and sometimes even a rather predisposed attention in literature science and history. Subsequently, the short story as such is highlighted in this thesis. Central aspects of the short story genre are discussed, with a focus on the most typical literary elements. With reference to among others E. B. Harrington and V. Shaw, I try to show how the short story's genre characteristics can contain expressive elements which may have the potential to undermine the prevailing discourse. As such, the short story may offer a favourable platform for female (feminist) writers. The epiphany is typical for the short story genre, adding new perspectives and thereby introducing a broader understanding of the short story's themes. Moreover, the short story may also enhance other expressions, and the compressed style can create new meaning in the contact with the reader. The analysis chapters start whith the short stories Liv" and Emilie" by Vik, with a particular focus on the literary expression. This approach provides different answers than seen in previous studies, wich have typically focused on the political content of these short stories. My analysis of Haslund's short story Trojanske hester" shows how the allegory is used to create a wider meaning around the problematized aspects, still without any decisive answers. Through this literary technique, a narrowing or limitation of the short story's potential of meaning is avoided. In the last part of this thesis, the satire short stories Firmafesten" and Damene" by Johansen are analyzed. I have used A. Pollard's theory for a general overview of satire. My analysis also leans on G. Kaufman when I show how the main character in Firmafesten" exploits the feministic potential of satire to challenge the traditional gender-conserving joke genre. In Damene," we observe a re-negotiation between the gender categories, and questions are also raised about the distribution of labour between them. My analyses demonstrate how the women's literature" of the 1970's should be regarded as more than political statements, and how the short story genre offers a form that not only instructs the reader, but also challenges the reader to reach a broader understanding of the literary content.
Publisher
The University of BergenCopyright
Copyright the author. All rights reservedThe author