Brorskap frå Bronx til Bergen. Ein studie av stil og kjønn i bergensk hipphopp
Abstract
Denne oppgåva handlar om hipphopp, stil og kjønn i Bergen. Problemstillinga eg søkjer å finne svar på er: "Korleis blir vennskap, forhold mellom kjønna og den heterofile mannen framstilt i bergensk hipphopp?" Hipphopp er ein kultur som må bli forstått ut frå den lokaliteten han befinn seg i, eg har difor delt det empiriske materialet mitt i to: 1) Analyse av rapptekstar og 2) Analyse av intervju. Desse delane er meint å utfylle kvarandre og gje ei breiare forståing av hipphopp i Bergen enn det tekstanalyser eller intervjuanalyser åleine kan gje. Gjennom analyse av utvalde bergenske rapptekstar og intervju av 11 bergenske hipphopparar i alderen 18-28 år prøver eg å finne svar på spørsmålet mitt. Informantutvalet mitt er snevert, men eg ser på informantane mine som føregangspersonar innafor hipphopp i Bergen og eg har difor vore ute etter å undersøke djupna i det dei seier framfor å intervjue fleire hipphopparar. Som teoretisk utgangspunkt har eg brukt Dick Hebdige og Birminghamsskulen si forståing av subkulturar, der omgrepet stil kjem i fokus. Vidare har eg nytta Jørgen Lorentzen og Robert Connell si forsking på menn og maskuliniteter for å seie noko om kjønn. Eg set hipphopp opp mot stil og kjønn og prøver å vise korleis desse tre omgrepa står i tett samband med kvarandre. I arbeidet med intervjua mine har eg brukt Steinar Kvale og Sigmund Grønmo som teoretisk bakteppe for det kvalitative forskingsintervju. Vi ser at stiltrekk som opphavlege er amerikanske, får ei ny og anna meining i ein bergensk kontekst. Dermed blir hipphopp ein glokal kultur, der det globale, lokale og glokale går side om side. Det må her påpeikast at glokaliseringsprosessen går føre seg i eit spenningsfelt, der det er vanskeleg å fastslå kva som vert vidareført og kva som vert tilpassa. Eit stiltrekk eg har funne i bergensk hipphopp er at vennskap mellom menn vert tematisert. Dette er eit stiltrekk som vert omforma frå den amerikanske rappen til å gje lokal, bergensk meining. Eit anna stiltrekk i bergensk hipphopp er at det er den heterofile mannen som vert framstilt. Det viser seg at bergenske rapparar brukar rappmediet til å framstille forholdet mellom menn og kvinner på ulike vis: Nokre av dei rappar om kjærleikssorg i høve til ei bestemt kvinne der forholdet mellom mann og kvinne framstår som likt, medan andre rappar om kvinner som objekt, medan dei sjølv framstår som ein jeger på jakt etter kvinner. Det er difor vanskeleg å snakke om ein bestemt stil når det gjeld framstilling av forholdet mellom menn og kvinner i bergensk hipphopp. This thesis investigates Hip Hop, style and gender in Bergen. Hip Hop is a subculture that needs to be understood in terms of its context, the empirical material in this thesis is therefore divided in two: 1) Analysis of raplyrics written by rappers in Bergen and 2) Analysis of my interviews with Hip Hop`ers in Bergen. In this way I attempt to see Hip Hop in Bergen in a broader context. I have investigated raplyrics by different rap artists and interviewed 11 Hip Hop`ers- 5 men and 6 women in the age of 18-28 in Bergen. While the sample size is somewhat limited, the informants are central figures in Bergen's hip-hop-scene. I have therefore been interested in investigating the dept of what my informants say. As a theoretical framework I have applied Dick Hebdige and the Birmingham school`s understanding of subcultures, where the concept of style is important. To investigate gender in terms of Hip Hop and style, I have applied Jørgen Lorenzten and Robert Connell`s research on men and masculinities. I attempt to show how Hip Hop, style and gender are closely related to each other. As a theoretical background on the qualitative research interview, I have been inspired by Steinar Kvale and Sigmund Grønmo. My results show that a distinctive and symbolic use of style in Hip Hop, that originally is American, is shaped and adapted to a Norwegian context in Bergen. Hip Hop is therefore understood as a glocal culture, where global, local and glocal processes run side by side. It is important to recognize that the glocal process is complex, and one cannot easily determine what is being adapted and what is not. A distinctive and symbolic use of style I have discovered is the thematic emphasis in raplyrics and among Hip Hop`ers in Bergen on friendship between men. This is a symbolic and distinctive use of style that originally is American, but the Hip Hop`ers in Bergen turn it into a local meaning in Bergen. Another distinctive and symbolic use of style I have found in Hip Hop in Bergen is the proclamation of the heterosexual man. I further argue that rappers in Bergen portray the relationship between men and women in different ways - it is therefore difficult to speak of a distinctive and symbolic use of style when it comes to portrayal of the relationship between men and women.
Publisher
The University of BergenCopyright
Copyright the author. All rights reservedThe author