"Lita tue kan velte stort lass". Ein analyse av samanhengen mellom arbeidsminne i førskulealder og begynnaropplæring i lesing og skriving.
Abstract
The aim of this study was to investigate connections between working memory in preschool-children and early reading and writing skills. The purpose was to discover early markers of children at risk of developing dyslexia. The study followed a group of children (n=49) from the age of 5, when they attended kindergarten, until they were 8 and in grade three in public schools in Norway. The children were tested with two tasks; Digit Span forward and backward, and rapid naming of colours (RAN). In third grade they were also given a reading and spelling test. One prospective and one retrospective analysis were carried out. At age five the children were grouped into one at-risk-group and one control group. This subgrouping revealed that the at-risk group scored significantly lower on the digit span at ages 5, 7 and 8, and on the reading and spelling test in third grade compared to the control group. In third grade regrouping was done based on the scores of the reading- and spelling test. The group slow readers, made up of those who scored ‘under’ the 25th percentile on the reading and/or the spelling tasks, scored significant lower on digit span at ages 5, 7 and 8 compared to the group typical readers, who scored ‘over’ the 25th percentile. On the RAN test no significant differences were found between groups, neither at-risk versus control, nor ‘under’ versus ‘over’. Part one discusses the term dyslexia and co-morbidity, and points out typical signs such as phonological difficulties and memory-functioning, and the advantage of early identification. Theories of reading and writing are tied to dyslexia. Memory is presented mainly in accordance with Baddeley’s multi-component model of working memory. This is followed by the method part, showing choices of tests and analyses, and an evaluation of internal and external validity. Our findings support earlier studies suggesting that working memory should be paid closer attention to as an early marker for dyslexia. Hovudfokus for denne studien var samanhengen mellom utprøving av arbeidsminne i førskulealder og begynnaropplæring i lesing og skriving, med tanke på å finne tidlege markørar for barn i risikosona for å utvikle dysleksi. Studien følgde ei gruppe barn (n=49) frå dei var fem år og gjekk i barnehagen til dei var åtte år og gjekk i 3. klassetrinn. Barna vart testa med gjengjeving av talrekkjer framlengs og baklengs, rask namngjeving av fargar (RAN) og ei lese- og staveprøve. Det vart føreteke ein prospektiv og ein retrospektiv analyse. Inndeling i risiko- og kontrollgruppe i barnehagealder viste signifikant dårlegare resultat på gjengjeving av talrekkjer ved 5, 7 og 8 år, og lese/staveprøva i 3.klassetrinn for risikogruppa. Regruppering i 3.klassetrinn i svake og normallesarar delt ved 25.persentilen på lese- og/eller staveprøva viste signifikant svakare resultat på gjengjeving av talrekkjer ved 5, 7 og 8 år for gruppa som skåra ’under’ i høve til ’over’ 25.persentilen i lesing og/eller staving. På RAN vart det ikkje funne signifikante forskjellar mellom nokon av gruppene. Innleiingsdelen drøftar omgrepet dysleksi og komorbiditet, viser typiske kjenneteikn som fonologiskevanskar og minnefunksjon, og nytten av tidleg identifisering. Teori om lese- og skriveutvikling vert knytt til dyslektiskevanskar. Minnefunksjonen vert presentert med vekt på arbeidsminne ut frå Baddeley sin multikomponentmodell. Vidare følgjer ei utgreiing om metodedelen, val av testar og analysar, vurdering av indre og ytre validitet. Funna støttar forsking som tilseier at arbeidsminne bør vektleggjast som tidleg markør for dysleksi.