Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorMolde, Else Beriteng
dc.date.accessioned2012-01-19T15:25:27Z
dc.date.available2012-01-19T15:25:27Z
dc.date.issued2007eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/5475
dc.description.abstractMålet med dette prosjektet har vore å få innsikt i det språklege fenomenet knot. Omgrepet å knota har vore nytta i Noreg heilt sidan 1600-talet, men det har ikkje tidlegare vorte systematisk undersøkt. Hovudproblemstillinga for avhandlinga har vore å undersøkja korleis omgrepet å knota vert definert, og kva førestellingar som knyter seg til dette språklege fenomenet. For å få svar på denne problemstillinga har eg nytta to metodar: ei gransking av skriftlege kjelder og ei spørjeundersøking med unge og eldre informantar. Som ei ramme for prosjektet har eg også plassert fenomenet knot i ein språkhistorisk kontekst, og gjort greie for tilhøve ved den norske språksituasjonen som eg meiner har medverka til at omgrepet å knota oppstod, og at det har vore nytta fram til i dag. I denne avhandlinga har eg starta med å setja fenomenet knot inn i ei språkhistorisk ramme, og vidare teke føre meg korleis omgrepet å knota har vorte definert og forklart i eit utval norske skriftlege kjelder. Her har eg vist korleis tydinga av omgrepet å knota har endra tyding frå det oppstod på 1600-talet og fram til i dag, og presentert ulike syn på knot blant språkforskarar og vanlege folk. Hovuddelen av prosjektet har vore ei skriftleg spørjeundersøking. Denne undersøkinga gjennomførde eg med unge og eldre informantar i bygda Voss, der dei unge vidare kunne delast inn i informantar frå allmennfagleg og yrkesfagleg studieretning. Det teoretiske rammeverket for undersøkinga har vore ei folkelingvistisk tilnærming, i tillegg til at eg har lagt vekt på å gjera greie for relevante teoriar og språkhaldningar og språknormer. Som utgangspunkt for spørjeundersøkinga har eg formulert fire underproblemstillingar, som tek føre seg avgrensing av knot, haldningar til knot, førestellingar om språkbrukaren og til sist eigenevaluering. I drøftinga av resultata har eg studert skilnader og likskapar mellom svara til informantgruppene. Resultata frå undersøkinga har vist at dei unge og dei eldre informantane har til dels ulike definisjonar av omgrepet å knota, og at dei dermed også har ulike førestellingar om språkbrukaren. Motsett ser det ut til at dei har svært like normoppfatningar av vossadialekten, og dei døma dei gjev på knot ser også ut til å vera samsvarande. Eit synleg skilje mellom dei unge og dei eldre informantane er at dei eldre i hovudsak definerer knot som eit forsøk på å snakka finare, medan dei unge i større grad ser på knot som ei form for dialektblanding. Dette påverkar også førestellingane deira om kvifor folk knotar, når det skjer og i kva samanhengar folk knotar mest. Fleirtalet av informantane viser at dei har negative haldningar til knot. Dette kan tyda på at sjølv om nordmenn generelt vert rekna for å vera språkleg tolerante, omfattar ikkje toleransen den forma for språkleg variasjon som vert rekna som knot. Likevel er det fleire av dei unge informantane som svarer at dei ikkje reagerer på knot, og det er difor ikkje heilt eintydig kva rolle fenomenet knot vil spela i det norske språksamfunnet i framtida.no_NO
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleKnot. Omgrepet, definisjonane og førestellinganenob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.description.degreeMaster i Nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123eng
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000::Linguistics: 010::Nordic languages: 018
fs.subjectcodeNOLISP350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel