Hvat es yðr hrafnar?
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/5702Utgivelsesdato
2012-01-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Fartein Th. Øverlands Hvat es yðr hrafnar?" fokuserer på utviklinga i bruksmåtane til kenningar (omskrivingar) for ramn' i norrøn skaldedikting. 182 slike kenningar er overlevere og dei er alltid nytta i samband med likdyrmotivet. Dette motivet vart ofte nytta i skaldediktinga både før og etter kristninga av det norrøne samfunnet. Heller enn å sjå på den interne strukturen til kenningane, vert dei ordna etter måtane dei vart brukte på. Dette oversynet vert jamført med den tradisjonelle dateringa til strofene kenningane står i for å sjå etter utviklingsliner til likdyrmotivet. Resultatet av denne undersøkinga viser at ingen nye bruksmåtar kom til over tid og at motivet vart nytta jamt fram til ei brå nedgang på 1300-talet. Forfattaren tolkar dette som ein sterk indikator på den konservative naturen til likdyrmotivet. Strofer frå fire dikt vert analyserte for å visa at sjølv om ei statistisk undersøking ikkje syner ei klår utvikling av motivet og mange av strofene i korpuset er temmeleg uoriginale, vil utvalde strofer visa korleis einskilde skaldar kunne nytta motivet på unike måtar. To av desse dikta, Haraldkvǽði" frå 900-talet og Háttalykill" frå 1100-talet, er lovkvad. Dei vert nytta til å visa ulike estetiske måtar å gjera seg nytte av ramnekenningane på i deira tradisjonelle ramme. Dei to neste dikta, Plácítúsdrápa" frå 1100-talet Guðmundarkvǽði" frå 1300-talet, har kristne emne. Her fokuserer drøftinga på konstrasten mellom likdyrmotivet og tema i dikta. Guðmundarkvǽði" vert tolka som eit døme på ein døyande kenningstil. Fartein Th. Øverlands' Hvat es yðr hrafnar?" focuses on the development of the usage of kennings (poetic periphrasis) raven' in Old Norse skaldic poetry. These kennings, of which 182 are handed down, are always used in connection with the animal of prey motif. This motif was widely used in skaldic poetry, both before and after the Christianization of the Old Norse society. Rather than looking at the internal structure of these kennings, they are arranged according to their usage. This survey is compared to the traditional dating of the stanzas they are found in, to look for a development of this motif. The result of this examination is mostly negative, and the author interprets this as an indicator of the conservative nature of the animal of pray motif. Stanzas from four poems from the corpus are analysed to show that even though a statistical investigation show no clear development of the motif and many of the stanzas in the corpus are quite unoriginal, selected stanzas will show how individual skalds sometimes used the motif in unique ways. Two of these poems, Haraldkvǽði" from the 10th century and Háttalykill" from the 12th, are panegyric. They are used to show different esthetical usages of the raven kennings within their traditional function. The next two poems, Plácítúsdrápa" from the 12th century and Guðmundarkvǽði" from the 14th, have Christian themes. The discussion focus on the contrast between the animal of pray motif and their subject matters. Guðmundarkvǽði" is interpreted as an example of a dying kenning style.