"A bird broke forth and sang" Utvalde aspekt ved Emily Dickinsons fuglepoesi
Abstract
Emily Dickinson er ein poet som i dag er kjend for sin mangfaldige poetiske produksjon, dikt som tek opp allmenne og universelle tema, og som i dag er ein del av vår vestlege litterære kanon. Vi har her vald å sjå nærare på eit lite av dei mange motiva Dickinson skildrar i si dikting: Fuglane. Vi ser at fuglar har ei viktig rolle i dikta til ein poet som set naturen som ein målestokk for venleik og for si eiga poetiske skaping. Dickinson knyter ulike metaforar til sine fugleskildringar. Vi har her vald å gå nærare inn på nokre aspekt ved desse skildringane, til dømes det metapoetiske, og fuglane knytt til ei grenseoppleving i samband med Dickinsons omgrep om Circumference.