Korrigering av modellestimert nedbør ved hjelp av historisk data.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/7103Utgivelsesdato
2010-06-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Geophysical Institute [1293]
Sammendrag
I denne oppgåva er det sett på moglegheit for betring av modellestimert nedbør ved å korrigere modellerte nedbørsestimat ved hjelp av fleire ulike korreksjonsfaktorar som tar omsyn til ulike vêrtypar og nedbørsintensiteten. Det er fyrst sett på effekt av korrigering i observasjonspunkt og moglegheita til å utnytte kunnskap om fordelinga til å korrigere nedbørsestimatet for eit seinare tidspunkt. Vidare er korrigeringa utvida til å gjelde i alle gitterpunkta til modellen. I utgangpunktet er de store avvik mellom modellestimerte nedbør og observasjonsdata for større delar av Noreg. Kor stort betringspotensiale er har heilt klart noko å seie for effekten av korrigeringa. Det er testa ulike korreksjonsfaktorar og resultata viser at korreksjonar som bygger på observert nedbørsfordeling klarar å redusere avviket mellom observert og modellert nedbørsfrekvens og intensitet, men korrelasjonen mellom dei to tidseriane er tilnærma uendra. Den einaste korrigeringa som klarar å auke korrelasjonen er den optimale interpolasjonen som er nytta for korrigering i alle gitterpunkt. Korreksjonen som nytta fordelinga av observasjonsdata frå ein tidlegare tidsperiode i korreksjonen gav ikkje tilstrekkeleg korrigering av nedbørsintensitet slik at sjølv om frekvensen vart korrigert var den totale gevinsten svært liten. Alle korreksjonar i oppgåva er utført på hindkast data frå HIRLAM10, og for dette modelldatasette er det tydleg at det er relativt tørre innlandsområder og vestlege delar av Vestlandet som har størst nytte av korrigeringa.