• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Fine Art, Music and Design
  • The Grieg Academy – Department of Music
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Fine Art, Music and Design
  • The Grieg Academy – Department of Music
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Oppsig i nedsig. Ein studie av musikkterapi si betyding for rusmiddelavhengige ved eit lågterskeltilbod sett frå eit tverrfagleg perspektiv.

Haugen, Liv Jorunn
Master thesis
Thumbnail
View/Open
89212457.pdf (664.6Kb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/7134
Date
2011-11-20
Metadata
Show full item record
Collections
  • The Grieg Academy – Department of Music [128]
Abstract
I musikkterapi og i kvardagslege møte med rusmiddelavhengige har eg opplevd at musikk kan utgjere ein skilnad i desse menneska sine liv. Opplevingane inspirerte meg til å finne ut meir om musikkterapi med denne målgruppa. Difor oppsøkte eg eit lågterskeltilbod for rusmiddelavhengige. Dei som jobba der var positive til både å ha meg i praksis og til å vere med i forskingsprosjektet mitt. I denne oppgåva har eg utforska på kva måtar musikkterapi kan ha betyding for rusmiddelavhengige ved dette tilbodet sett frå eit tverrfagleg perspektiv. For å prøve å svare på problemstillinga gjennomførte eg eit fokusgruppeintervju med personar som jobba ved tilbodet. Gruppa bestod av ein "musikkomsorgar", ein miljøterapeut, ein frivillig, ein vernepleiar og ein musikkterapeut. Fokusgruppeintervjuet har vore hovudmetoden i forskinga. Samtidig har ei hermeneutisk tilnærming vore sentral i heile forskingsprosessen. Forskingsfunna indikerer at musikk framstå som ein helseressurs på ulike måtar for brukarane ved tilbodet. Intervjudeltakarane skildra korleis brukarane aktivt nyttar musikk i musikkterapi og i dagleglivet. Vidare peika dei ut empowerment-tenking som eit sentralt forståingsgrunnlag for musikkterapi i denne konteksten. Empirien leia meg fram mot å velje det ressursorienterte perspektivet som eit teoretisk grunnlag for fortolking. Forskingsfunna indikerer at å tenkje ressursorientert kan vere eit vilkår for musikkterapi si betyding for brukarane ved tilbodet.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit