Den vanskelege identiteten i samtidslitteraturen. Ein analyse av Kristin Sørsdal sin roman Makabre bikkjer (2010)
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/7637Utgivelsesdato
2013-11-20Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Denne mastergradsoppgåva tek for seg debutromanen til Kristin Sørsdal, Makabre bikkjer. Sørsdal seier romanen er eit utbrot mot «størkna kjønnskonvensjonar», noko som kjem tydeleg fram gjennom hovudpersonens kjønnslege vakling. Ho hevdar å ha hatt dikta Vierge Moderne av Edith Södergran og Det er den draumenav Olav H. Hauge i bakhovudet i skriveprosessen. Dette er dikt som ser mot ei framtid som er ulik notida, ei framtid som er betre, men ein veit kanskje ikkje korleis den vil vere betre. Vidare viser Sørsdal at ho meistrar både språk og sjanger ved å bruke eit brutalt og ærleg språk og nytte eit vidt spekter med språklege verkemidlar. Eg har vektlagd tre ulike teoretiske inngangsportar til romanen i denne oppgåva. Først det kjønnsteoretiske perspektiv fordi hovudpersonen så tydeleg har problem med å bestemme seg for om ho er kvinne eller mann. Det finns inga indre kjønnskjerne, kjønn er resultatet av spelte handlingar for eit publikum som kjem til syne gjennom kroppens mannlege og/eller kvinnelege representasjonar i møte med andre. Vidare ser eg på teoretiske perspektiv på lesarrolla fordi denne romanen utfordrar lesaren både i form, språk og tematikk, noko også bokmeldingane viser. Å møte slike tekstar som lesar kan vere utfordrande, og ein må vere villig til å ta opp dei spørsmåla som romanen stiller. Til slutt undersøkjer eg kva for element frå surrealismen, modernismen og postmodernismen som forfattaren nyttar som verkemiddel i romanen. Logikkens grenser vert sprengt gjennom dei mange brota i teksten, ei ikkje kronologisk oppstilling, manglande skiljelinjene mellom fantasi og verkelegheit, og motsetningar der lesaren sitt forfjamsa tilbake og lurer på kva som hende og om det hende. This MA thesis deals with Kristin Sørsdal's debut novel Makabre bikkjer («Macabre Dogs»). Sørsdal herself claims that the novel is a protest against «solidified gender conventions», described in the protagonist's ambivalent feelings about her gender identity. Sørsdal had the poems Vierge Moderne by Edith Södergran and Det er den draumen by Olav H. Hauge in mind during the writing process. These are poems that look towards a future different from the present, a better future, but we may not know how it will be better. Sørsdal also exhibits mastery of both language and genre by using a brutal and honest language and a wide range of literary images. I have emphasizes three different theoretical approaches to the novel in this thesis. Firstly, a gender perspective because the protagonist clearly has problems deciding whether she is a woman or a man. There is no gender core; gender is a result of process of performativity, of the body's masculine and/or feminine representations as a result of interactions with social and cultural heteronormative expectations. I also look at theoretical approaches to the reader because this novel challenges the reader both in form, language and themes. To encounter a text such as this is challenging and requires the reader's will to face the questions the novel presents. In conclusion the thesis investigates which elements from surrealism, modernism and postmodernism are used by the author throughout the novel. The boundaries of expected narrative, logic are transgressed many times in the text, through use of anachronisms, the apparent lack of dividing lines between fantasy and reality, as well as the use of contradictions where the reader is left to wonder what happened or if what is told ever did happen.