Skrivemaskiner og andre ting. Eit tingteoretisk blikk på forfattarskapen til Tomas Espedal.
Abstract
SAMANDRAG Masteroppgåve i nordisk litteratur Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium Universitetet i Bergen Mai 2014 Student: Ingrid Margrete Thorvaldsen Rettleiar: Christine Hamm Tittel: "Skrivemaskiner og andre ting" Undertittel: Eit tingteoretisk blikk på forfattarskapen til Tomas Espedal Denne masteroppgåva ser nærare på seks av Tomas Espedal sine romanar: Biografi (glemsel) (1999), Dagbok (epitafer) (2003), Brev (et forsøk) (2005), Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006), Imot kunsten (notatbøkene) (2009) og Imot naturen (notatbøkene) (2011). Bøkene korresponderer i stor grad med kvarandre, og inviterer lesaren til å forstå dei samanhengande som éi historie. Dette skapar igjen nye leseforståingar som nyanserer og tydeleggjer romanane i lys av kvarandre. Til skilnad frå den overdøyvande sjølvbiografiske resepsjonen, ønskjer eg snarare å rette fokuset mot tinga i forfattarskapen. Hos Espedal finn vi skildringar av ting, symbolske ting, ein kjærleik til ting og deira verdi - historisk, personleg, estetisk og metaforisk. Tinga gjev konkrete haldepunkt i forfattarskapen, både for forfattar, forteljar, karakterar og lesarar. Det kan òg verke som om tinga fungerer som ein startkabel for litteraturen; ein måte å skrive seg ut av ei tapserfaring. Like viktig er såleis alt tinga ber med seg; det som vert sagt via dei, korleis dei karakteriserer og posisjonerer personar, hendingar og erfaringar. Kva rolle speler til dømes tinga som utgangspunkt for minna i romanuniverset; fungerer dette vidare som triggande for skriveaktiviteten til eg-forteljaren? Generelt ønskjer eg å synleggjere korleis Espedal aktivt nyttar ting i histora han vil fortelje, og undersøkje og kvifor dette blir gjort. Korleis kan ting endre opplevinga av noko; fungerer dei inspirerande eller nedbrytande? Ti ting er plukka ut til å delta på Espedals litterære ting: skrivemaskin, skrivebord, bokhylle, lampe, fabrikk, vindauge, tre, blome, sekk og seng. Avhandlinga inkorporerer teoretikarar frå fleire ulike akademiske felt, mellom anna filosofi (Martin Heidegger, Søren Kjørup), litteraturvitskap (Bill Brown), sosialantropologi (Daniel Miller), vitskapsfilosofi (Bruno Latour), digitale medier (Ian Bogost) og arkeologi (Bjørnar Olsen). Felles for teoretikarane er eit ønskje om å oppvurdere tingen; samt ei nyansering av subjekt/objekt-forholdet. ABSTRACT MA thesis in Nordic Literature Department of Linguistic, Literary and Aesthetic Studies University of Bergen May 2014 Student: Ingrid Margrete Thorvaldsen Tutor: Christine Hamm Title: "Skrivemaskiner og andre ting" Subtitle: A thingtheoretical examination of Tomas Espedal's authorship This thesis examines six of Tomas Espedal's novels: Biografi (glemsel) (1999), Dagbok (epitafer) (2003), Brev (et forsøk) (2005), Gå. Eller kunsten å leve et vilt og poetisk liv (2006), Imot kunsten (notatbøkene) (2009) and Imot naturen (notatbøkene) (2011). The novels correspond with each other to a great extent and invite the reader to understand them as one coherent story. This further creates new understandings which nuance and emphasize the texts in light of each other. As opposed to the reception's great interest in the autobiographical aspects of his work, I wish to call attention to the things in Espedal's novels. Throughout his authorship we find descriptions of things, symbolic things, a love for things and their value - historically, personally, aesthetically and metaphorically. The things give something concrete to hold on to through the six novels; both for the author, narrator, characters and readers. It also seems like things have a way of starting the narrator's writings: they work as a mean to lift him out of experiences of great loss. Equally important is everything that lies hidden in the thing; what stories it tells, how it has the ability to characterize and position people, events and experiences. What role does the thing play as basis for memories in Espedal's novels? Does this trigger the first person narrator's writing activity? In general, I wish to show how Espedal actively uses things to tell his stories, and investigate how this is done. How can things change the experience of something; are they inspiring or disruptive? Ten things from his novels are included in this thesis: typewriter, desk, bookshelf, lamp, flower, window, factory, backpack and bed. The thesis incorporates theorists from several different academic fields, including philosophy (Martin Heidegger, Søren Kjørup), literature (Bill Brown), anthropology (Daniel Miller), philosophy of science (Bruno Latour), digital media (Ian Bogost) and archeology (Bjørnar Olsen). Common for these theorists are a desire to rehabilitate the thing; and nuance the subject / object relationship.