Sakprosa? Ei undersøking av sjangervekslingar i litteraturhistoria.
Abstract
Samandrag Denne oppgåva er ei undersøking av overordna sjangerforståing i to norske og ei dansk litteraturhistorie si handtering av forfattarskapet til Ludvig Holberg. Desse litteraturhistoriske handteringane er utført av Francis Bull i Fra reformationen til 1814 (1928), bind nummer to av Norsk litteraturhistorie, Vilhelm Andersen i Det attende Aarhundrede (1934), bind nummer to av Illustreret dansk Litteraturhistorie, og Per Thomas Andersen i Norsk litteraturhistorie (2001). Med utgangspunkt i grunnleggande oppfatningar av eit moderne todelt sjangerskiljet, har eg undersøkt desse litteraturhistoriene med omsyn til korleis dei forstår forfattarskapet til Holberg i eit sjangerperspektiv. Analysane er hovudsakleg utført med blikket retta mot oppfatninga av estetisk kvalitet og relasjonen mellom verkelegheit, sanning, fiksjon og tekst. Dette er storleikar som blir sett opp og drøfta som utslagsgivande faktorar for korleis litteraturhistorikarane har forstått og organisert tekstane. Hypotesen eg arbeider opp mot tek utgangspunkt i at sjangeromgrepa «sakprosa» og «skjønnlitteratur» i dag refererer til statiske eigenskapar, medan det frå Holberg si tid har skjedd ei kontinuerleg endring av oppfatninga av tekstane desse omgrepa refererer til. Den resepsjonsestetiske teorien til Hans Robert Jauss presentert i «Litteraturhistorie som udfordring til litteraturvidenskaben» (1967) er eit grunnlag og ei legitimering for denne undersøkinga. Funna i undersøkinga syner at ein kan konkludere med at sjangerforståinga er ein del av ein dynamisk utvikling. Dermed kan ikkje sakprosaomgrepet bli brukt med rette om forfattarskapet til Holberg. Abstract This thesis explores an overall understanding of genre in regards to Ludvig Holberg's authorship, based on interpretations of two Norwegian and one Danish literature-stories. These interpretations are conducted by Francis Bull in Fra reformationen til 1814 (1928), in the second volume of Norsk litteraturhistorie, by Vilhelm Andersen in Det ettende Aarhundrede (1934), in the second volume of Illustreret dansk Litteraturhistorie and by Per Thomas Andersen in Norsk litteraturhistorie (2001). The interpretations are investigated in regard to how they, through the perspective of genre, understand Holberg's authorship. Assuming a modern bipartite genre division between "skjønnlitteratur" and "sakprosa", a Norwegian vertion of the terms fiction" and non-fiction", the interpretations are investigated with regard to how they understand Holberg's authorship in a genre perspective. Analyses focused on the perception of aesthetic quality and the relation between reality, truth, fiction and text. These variables are further discussed as determining factors for how the critics have understood and organized the texts. It is hypothesised that the genre concepts "sakprosa" and "skjønnlitteratur" today refer to static qualities. However it is suggested that from Holberg's time, continuous and considerable change has taken place in the view of the texts these terms refer to. Hans Robert Jauss' theory of reader-response criticism presented in "Litteraturvidenskapen" (1967) functions as a basis and a justification for this study. The results of this study show that genre understanding is part of a dynamic development. Because of this, the term "sakprosa" does not adequately describe Holberg's authorship.