dc.description.abstract | I denne masteroppgåva undersøker eg om kravet om sakleg grunn for delisting § 8 i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden (2020) avgrensar kjøparmakta til detaljistar. § 8 i lov om god handelsskikk i dagligvarekjeden regulerer detaljisten sin bruk av delisting ved å pålegge tidsfrist for varsling av delisting og ved å krevje at delisting berre kan skje dersom detaljisten har «sakleg grunn». Dersom detaljistar si kjøparmakt blir avgrensa til fordel for seljarmakt på leverandørleddet vil det kunne resultere i høgare sluttvareprisar og dårlegare produktutval- og kvalitet. Forbrukarane sine interesser har blitt vektlagt under utforminga av LGHD. I tillegg til spørsmålet om sakleg grunn for delisting avgrensar kjøparmakta på detaljistleddet vurderer eg også § 8 ut frå korleis den vil påverke forbrukarvelferda. Eg tar utgangspunkt i to forhandlingsmodeller for å vise at delisting er ein viktig føresetnad for kjøparmakt på detaljistleddet. Kvar av modellane har ulikt syn på om kjøparmakt på detaljistleddet kjem forbrukarane til gode. Den første forhandlingsmodellen er laga av Caprice og Rey (2015) som argumenterer for at sluttvareprisane ikkje nødvendigvis blir lågare når detaljistar samarbeider om innkjøp og delisting. Den andre forhandlingsmodellen er laga av Noton og Elberg (2018) som argumenterer for at små- og mellomstore leverandørar med populære produkt vil ha tilgang til marknaden sjølv når marknaden er konsentrert med få og store detaljistar som truar med delisting. Denne analysen antydar at kjøparmakt som følge av delisting ikkje vil gi eit mindre vareutval for forbrukarane. I kva grad lågare innkjøpsprisar kjem forbrukarane til gode avhenger av kor sterk konkurransen mellom detaljistane er. Dersom det er tilstrekkeleg konkurranse nedstraums vil sparte kostnadar og betre avtalevilkår komme forbrukarane til gode i form av lågare sluttvareprisar fordi detaljistane ha eit insentiv til å sette ned vareprisen, då detaljisten med den lågaste prisen kan kapre heile kundemassen. På bakgrunn av Konkurransetilsynet sitt funn, som syner at daglegvarekjedene sine marginar er relativt låge, er det grunnlag for å hevde at kjøparmakta på detaljistleddet kjem forbrukarane til gode i den norske daglegvaremarknaden (Konkurransetilsynet, 2011, s. 19). Sidan paraplykjedene sin kjøparmakt truleg kjem norske forbrukarar til gode vil det vere grunn til å hevde at § 8, som vil avgrense kjøparmakta på detaljistleddet, vil gi høgare sluttvareprisar og dermed forverre forbrukarvelferda. | |