Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHope, Kristin Hjelmeland
dc.date.accessioned2021-08-10T23:52:18Z
dc.date.available2021-08-10T23:52:18Z
dc.date.issued2021-07-01
dc.date.submitted2021-08-10T22:00:04Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2767236
dc.description.abstractDenne studien har analysert kor vidt øvingar fører til læring, både innanfor og mellom organisasjonar, og har sett på kva for faktorar som fremjar og hemmar læring etter øvingar. Hendingar dei seinare åra har vist at samfunnets beredskap kan bli sett på store prøvingar og at uønskte hendingar kan få betydelege konsekvensar for samfunnet. Øvingar inngår som ein sentral del av samfunnstryggleiksarbeidet og beredskapsprosessen. Trass i viktigheita av å gjennomføre øvingar, har det mellom anna blitt peika på av Riksrevisjonen at læringa etter øvingar ikkje er systematisert, og at det er utfordringar knytt til det å følge opp læringspunkt på tvers av sektorar. Store utfordringar i dagens samfunn krev at fleire jobbar saman og gjennom øvingar får ein øvd på dette. Spørsmålet er om øvingane utnyttast godt nok som læringsarena? Øver ein for å lære, eller øver ein for å øve? Klarer organisasjonane å hente læring av dei store øvingane, og klarer organisasjonane å lære på tvers av organisasjonsgrenser? Dette er sentrale spørsmål i denne studien. For å studere dette har eg gjennomført ein casestudie, der fullskalaøvinga HarbourEx15 er nytta som illustrerande case. Organisasjonane og informantane denne studia tar for seg er valt ut frå denne øvinga. Merksemda er retta mot Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Politidirektoratet (POD), Oslo universitetssjukehus (OUS) og beredskapsetaten i Oslo kommune. Dette er sentrale beredskapsaktørar, og alle hadde ei sentral rolle i HarbourEx15. Her har ikkje målet vert å gå i djupna på kvar organisasjon eller å samanlikne dei, men heller å trekke ut element frå kvar organisasjon for å belyse problemstillinga som er stilt i denne studien. Det er nytta teori om organisatorisk læring for å studere kor vidt øvingar fører til læring, og materialet består av intervju, DSB sin evaluering av HarbourEx15, meldingar til Stortinget, Riksrevisjonens undersøkingar, samt interne dokument frå organisasjonane denne studien tar for seg. Studien viser at læring etter øvingar er viktig, og at dette er noko både myndigheitene og organisasjonane denne studien tar for seg jobbar med. Trass i dette viser studien også at organisatorisk læring, både innanfor og mellom organisasjonane, etter øvingar er utfordrande.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleEit betre rusta samfunnstryggleiks- og beredskapsapparat – ein studie av kor vidt øvingar fører til læring
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2021-08-10T22:00:04Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap
dc.description.localcodeAORG350
dc.description.localcodeMASV-AORG
dc.subject.nus731111
fs.subjectcodeAORG350
fs.unitcode15-12-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel