«Eg føler eg mister kontrollen i jobben som sjukepleiar, det kan godt hende at viktige beskjedar vert gløymde». Ein kvalitativ studie av utfordringar i sjukepleiaryrket
Master thesis
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/2770431Utgivelsesdato
2021-08-01Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Sociology [440]
Sammendrag
Denne oppgåva undersøkjer ulike utfordringar som informantane møter i sjukepleiaryrket. Eg har gjennomført åtte intervju med sjukepleiarar i alderen mellom tjuetre og femtiåtte år, der fem av dei arbeider innanfor den kommunale helse- og omsorgstenesta og tre av dei arbeider innan spesialisthelsetenesta. Omgrepet omsorgsrasjonalitet bidreg til å underbyggje funna i analysen. Dessutan vil pull- og pushfaktorar bli brukt som eit analyseverktøy for å framheve problemstillinga. Oppgåva er delt inn i fire analysekapittel som tek føre seg uføreseieleg arbeidskvardag, omsorgsrasjonalitet, push- og pullfaktorar i yrket, og til slutt utfordringar knytte til kjønn i omsorgsyrket. Det fyrste analysekapittelet tek føre seg omgrepet uføreseieleg arbeidskvardag, som er knyta til utfordringar innan turnusarbeid og endringar i arbeidskvardagen som fylgje av koronapandemien. På bakgrunn av at datamaterialet viser at pandemien har ført til at turnusen har blitt endra og at informantane har fått fleire utfordrande arbeidsoppgåver, har omgrepet uføreseieleg arbeidskvardag blitt etablert. Det andre analysekapittelet ser på utfordringar knytt til omsorgsutøving. Her vil omgrepa stress og tidspress bli diskuterte som gjennomgåande utfordringar som fører til konsekvensar for sjukepleiarane sin måte å utøve omsorg på, fordi arbeidskvardagen er styrt av ytre krav og rammer. På den måten har sjukepleiaren gjerne ikkje god nok tid til å setje seg ned med pasienten og høyre korleis han eller ho faktisk har det. Dette er gjerne i strid med prinsippa for utøving av omsorgsrasjonalitet som framhevar at sjukepleiaren må kunne setje seg inn i pasienten sin situasjon for å kunne utøve god og nødvendig omsorg. Det tredje analysekapittelet ser på sjukepleiarane sine positive og negative tankar om yrket. Kapittelet tek i bruk push- og pullfaktorar som eit analyseverktøy for å diskutere kvifor informantane ynskjer å gå på jobb sjølv om dei fortel om dagar utan tilstrekkeleg opplæring, dårleg arbeidsmiljø eller lite ressursar på jobb. Ved å fokusere på informantane sine positive og negative sider ved yrket, vert utfordringane som informantane fortel om, diskutert i ljos av push- og pullfaktorar. Det fjerde og siste analysekapittelet diskuterer utfordringar knytt til kjønn i sjukepleiaryrket. Her blir kjønnsbalansen på arbeidsplassen til informantane diskutert, og informantane fortel om forskjellar i arbeidsmåten til menn og kvinner. Vidare vil ein diskutere om arbeidsmiljøet hadde vore betre dersom det hadde vore likevekt mellom kjønna. Avslutningsvis i kapittelet vil utfordringar som både menn og kvinner kan oppleve i møte med pasientane, bli presentert og diskutert. Empirien i oppgåva viser at tidspress og stadige krav om effektivisering medfører at sjukepleiaren utset arbeidsoppgåver og at kvaliteten i helsehjelpa vert redusert. Dette står gjerne i strid med dei grunnleggjande sjukepleiarverdiane som inneber ideal om å utøve heilskapleg pasientsentrert pleie av høg kvalitet. Det krevjar at sjukepleiaren har god kompetanse, tydelege verdiar, viser respekt og fokuserer på pasienten sine fysiske og psykiske behov. Kari Wærness sitt omgrep om omsorgsrasjonalitet inneber at ein ikkje må ekskludere kjensler, men heller omfatte desse for at handlingar skal kunne reknast som rasjonelle (Christensen & Syltevik, 1999, s. 13). Slik meiner Wærness at omsorgsarbeidet ikkje er rasjonelt dersom ein ikkje bruker hjartet i arbeidet. På bakgrunn av dette og i tråd med prinsippa for omsorgsrasjonalitet må sjukepleiaren ha tid til å setje seg inn i pasienten sin situasjon for å kunne utøve god omsorg. Slik har oppgåva diskutert, ut i frå empirien, om desse grunnleggjande verdiane for utøving av sjukepleiaryrket står i fare for å bli nedprioritert grunna tidspress og stadige krav om effektivisering.
Beskrivelse
Postponed access: the file will be accessible after 2025-07-27